Trafikkmaskina på Danmarks plass må avviklast

- Vi må finne løysingar for Danmarks plass som flaskehals for den regionale gjennomgangstrafikken, og ikkje minst ta tilbake og utvikle Danmarks plass som eit attraktivt byutviklingsområde, seier fylkesordførar Torill S. Nyborg.

Området rundt Danmarks plass i Bergen vert hardt råka av den helsefarlege luftforureininga. Dette må både på kort og lang sikt løysast med reduksjon i utsleppa frå biltrafikken. Vi må finne løysingar for Danmarksplass som flaskehals for den regionale gjennomgangstrafikken, og ikkje minst ta tilbake og utvikle Danmarks plass som eit attraktivt byutviklingsområde. Svaret på dette er ei total omlegging av trafikken på Danmarks plass til ei kryssløysing i tunnel, meiner fylkesordførar Torill S. Nyborg.

- Trengst handlekraft
- Eg vil no be Statens vegvesen legge fram skisser til ei slik løysing som grunnlag for vidare arbeid med ei framtidig omlegging av trafikkmaskina på Danmarks plass, seier fylkesordføraren.

Selsvold Nyborg er tilfreds med handlekrafta byrådet har utvist i situasjonen med akutt luftforureining i Bergen. I kombinasjon med vêrtilhøva er biltrafikken ein viktig årsak til at luftkvaliteten i deler av Bergen i periodar er direkte helsefarleg. Denne situasjonen har vist at det er nødvendig med drastiske tiltak for å redusere biltrafikken. Samstundes har fylkeskommunen også stilt opp med eit betydeleg forbetra busstilbod med ekspressavgangar frå bydelane, understrekar fylkesordføraren. 

- Må få fram langsiktige tiltak
- Eg har og stor tru på at når fylkeskommunen kjem i gang med drift av bybanen mellom sentrum og Nesttun, så vil fleire bilistar velje å reise med kollektivtransport, seier ein optimistisk fylkesordførar. I tillegg til bybanen vil bussrutene i Bergen i nærmaste framtid bli betjent med nye og moderne bussar. I høve til dagens busspark vil utsleppa av NOx og partiklar bli redusert med over 90%.

- Etter at vi no har fått kjent trafikkulempene i Bergen på kroppen, vil eg vidare ta initiativ til eit møte mellom fylkeskommunen, Bergen kommune, omlandskommunane og Statens vegvesen. Det er naudsynt å evaluere dei kortsiktige tiltaka som er sett i verk for å redusera utsleppa i vinter og drøfte meir permanente langsiktige tiltak i eit samla transportsystem i Bergensområdet, seier fylkesordførar Torill S. Nyborg.

Les også:
nrk.no: – Trafikkmaskina må vekk
bt.no: Vil ha tunnel under Danmarks plass
ba.no: Vil ha tunnel på Danmarks plass

 

Simon Sortland 12.02.2010 13:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart