Området rundt Danmarksplass i Bergen vert hardt råka av den helsefarlege luftforureininga. Dette må både på kort og lang sikt løysast med reduksjon i utsleppa frå biltrafikken. Vi må finne løysingar for Danmarksplass som flaskehals for den regionale gjennomgangstrafikken, og ikkje minst ta tilbake og utvikle Danmarksplass som eit attraktivt byutviklingsområde. Svaret på dette er ei total omlegging av trafikken på Danmarksplass til ei kryssløysing i tunnel, meiner fylkesordførar Torill S. Nyborg.
- Trengst handlekraft
- Eg vil no be Statens vegvesen legge fram skisser til ei slik løysing som grunnlag for vidare arbeid med ei framtidig omlegging av trafikkmaskina på Danmarksplass, seier fylkesordføraren.
Selsvold Nyborg er tilfreds med handlekrafta byrådet har utvist i situasjonen med akutt luftforureining i Bergen. I kombinasjon med vêrtilhøva er biltrafikken ein viktig årsak til at luftkvaliteten i deler av Bergen i periodar er direkte helsefarleg. Denne situasjonen har vist at det er nødvendig med drastiske tiltak for å redusere biltrafikken. Samstundes har fylkeskommunen også stilt opp med eit betydeleg forbetra busstilbod med ekspressavgangar frå bydelane, understrekar fylkesordføraren.
- Må få fram langsiktige tiltak
- Eg har og stor tru på at når fylkeskommunen kjem i gang med drift av bybanen mellom sentrum og Nesttun, så vil fleire bilistar velje å reise med kollektivtransport, seier ein optimistisk fylkesordførar. I tillegg til bybanen vil bussrutene i Bergen i nærmaste framtid bli betjent med nye og moderne bussar. I høve til dagens busspark vil utsleppa av NOx og partiklar bli redusert med over 90%.
- Etter at vi no har fått kjent trafikkulempene i Bergen på kroppen, vil eg vidare ta initiativ til eit møte mellom fylkeskommunen, Bergen kommune, omlandskommunane og Statens vegvesen. Det er naudsynt å evaluere dei kortsiktige tiltaka som er sett i verk for å redusera utsleppa i vinter og drøfte meir permanente langsiktige tiltak i eit samla transportsystem i Bergensområdet, seier fylkesordførar Torill S. Nyborg.