- Sterkt beklageleg at Goliat glapp for Aker Solutions

- Eg beklagar sterkt at Goliat glapp for Aker Solutions og at ei norsk regjering ikkje legg meir vekt på å skapa norske arbeidsplassar i verftsindustrien, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Sørkoreanske Hyundai Heavy Industries fekk tildelt kontrakten med bygginga av Goliat-plattforma i Barentshavet, og dermed rauk 7 000 årsverk i Norge. Oppdraget har ein verdi på 6,9 milliardar kroner.

Mistar tusenvis av arbeidsplassar
- Fylkesordførarane i Vestlandsrådet møtte næringsminister Trond Giske fredag, og her tok eg opp kor viktig det er å jobba for at norsk industri og norsk næringsliv framleis skal vere ein viktig aktør i utbyggingar på norsk sokkel. I fjor gjekk det tapt 3 000 arbeidsplassar i verftsindustrien i Hordaland, og dette talet vil no berre auka på framover. Då er det ekstra ille å vita at vi går glipp av dei 7 000 som Goliat-utbygginga ville gitt.

Fylkesordførar Selsvold Nyborg synes det er svært beklageleg at det ikkje vert gjort meir frå myndigheitane si side for å sikra verftsindustrien vår, ikkje minst her på Vestlandet. Med ordretørken som ein ser fram mot 2011, er verftsindustrien på veg inn i ei stor krise.

- Eg er glad for dei ulike tiltaka statsråd Giske vil presenterte i løpet av våren, men eg er redd for at dei kjem for seint med dei dårlege konjukturane industrien er i no, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Simon Sortland 09.02.2010 15:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart