- NSB må halda lovnadane til Vestlandet

- For vel tre år sidan presenterte vi prosjektet Nye Vossebanen, og har i etterkant fått lovnadar om nye togsett og dobbeltspor Fløen-Arna. På bakgrunn av informasjon om at desse tiltaka kan stå i fare, har eg sendt brev til NSB-direktør for persontog, St

Pressetur juni 2007 der visekonsernsjef Rolf Roverud i NSB lova fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar Gustav Bahus i samferdsleutvalet auka satsing på Vossebanen. (Arkivfoto).

I brevet syner fylkesordføraren til at Hordaland fylkeskommune og styringsgruppa for ”Nye Vossebanen” i juni 2007 presenterte prosjektet for media med påfølgjande presentasjonstur Bergen-Trengereid-Bergen. Frå NSB deltok visekonsernsjef Rolf Roverud og plansjef Tom Ingulvstad.

Pressetur juni 2007 der visekonsernsjef Rolf Roverud i NSB lova fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar Gustav Bahus i samferdsleutvalet auka satsing på Vossebanen. (Arkivfoto).

Konkrete lovnadar
- Vi var særleg  takksame for at NSB i samband presentasjonen kom med konkrete lovnadar om at Vestlandet skal vere med på deira største satsing på nytt togmateriell. Eg uttalte i den samanhengen til media at: ”Det set me stor pris på, og dette vert ei ny tid for satsinga på Bergen-Voss som bybane.”

Vossebanen står framfor store utfordringar med omsyn til infrastruktur, vognmateriell, informasjon, marknadsføring, ruteplan og samordning med bussruter. I rapporten ”Nye Vossebanen” vert det peika på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebanen.

Urovekkjande informasjon
Fylkesordføraren er no sterkt uroa av ny informasjon der det går fram at det no skal vere gjort omdisponeringar som vil utsetje arbeidet med dobbeltspor til Fløen og vidare til Arna. Dobbeltsporprosjektet skal vere ”lagt på is”, og situasjonen omkring tildeling av motorvognsett på Vossebanen er uklår. Slik det kan sjå ut i dag vil det ikkje bli satt inn nye togsett på Bergensbanen, men restaurerte togsett som er bygd i 1975.

- Livsnerva vår
- Vi har vore tolmodige lenge, no er det vår tur. Denne gongen må flunkande nye lokaltogsett bli sett inn i trafikken til Arna, Voss og Myrdal. Eg vil på det sterkaste oppmoda om at den positive dialogen og dei konkrete lovnadane vi har fått vert fylgde opp. Samferdsle er sjølve livsnerva for Vestlandet, og med stadig større miljøfokus er opprusting av Vossebanen heilt avgjerande, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i brevet til direktøren for persontog.

Fylkesordføraren sitt brev til NSB.doc

Simon Sortland 16.02.2010 11:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart