Vyrde fylkesting!
Vel møtt til desemberting i Bergen.
I fylkestinget i oktober informerte eg om Vestlandsrådet sin nye strategi for Kyststamvegen E39 – «Vestfast 2025» – der målet er ein ferjefri kyststamveg mellom Stavanger og Trondheim.
Det er med glede eg konstaterer at Vegdirektoratet vil gje oss drahjelp i dette viktige arbeidet ved å setja noverande regionvegsjef Olav Ellevset på oppgåva som prosjektleiar for «Ferjefri E39».
Når Ellevset fråtrer stillinga som regionvegsjef 1. mars neste år, tek han fatt på dette viktige prosjektet på full tid. Eg har i den samanheng merka meg vegdirektør Terje Moe Gustavsien sine ord: «– Ved at han tek dette ansvaret vil vi få et sterkt fokus på denne samfunnsutfordringen.»
I eit eige punkt i innstillinga til budsjettet for 2011, har fylkesutvalet rådd fylkestinget til å vedta å gå inn for at det vert vald ein ferjefri trase for E39 mellom Leirvik og Bergen som eit ledd i det nasjonale prosjektet med ferjefri kyststamveg langs Vestlandet.
Fylkesutvalet rår til at me skal gå bort frå alternativet med ferje frå Våge til Os, og at me framover skal arbeida for den ferjefrie løysinga. Men fylkesutvalet vil knyta ein viktig føresetnad til dette: Det gjeld at E39 Svegatjørn – Rådal må startast opp i 2012 og verta bygd ut og ferdigstilt i tråd med vedteken plan.
Det er lite med investeringar på E39 gjennom Hordaland i år, og heller ikkje neste år kjem dei store prosjekta og summane. Så frå 2012 er det på tide å få opp investeringstakta på denne livsnerven gjennom fylket vårt.
Den kalde vinteren me har hatt sidan tidleg i november har på ny ført til stor luftforureining i Bergen. Situasjonen er enkelte dagar svært kritisk. Kortsiktige tiltak må til, men ein strategi for langsiktige løysingar må meislast ut snarast.
Storparten av stamvegtrafikken går i dag gjennom Bergen sentrum, det gjeld nord-sør-trafikken og i stor grad også aust-vest-trafikken. Særleg hardt belasta er Danmarks plass. Å innføra datokøyring på ein stamveg med dårlege omkøyringsalternativ er inga enkel og opplagt sak. Til no har ikkje dette verkemiddelet vore nytta. Å få i gang kollektivfelt/sambruksfelt på dei innfartsårene der det ligg til rette for det er viktig. Berre omsyn til trafikktryggleik må hindre slike løysingar.
I eit lengre perspektiv må me sjå på stamvegløysingane gjennom Bergen og korleis dei kan endrast slik at det vert mindre stamvegtrafikk gjennom sentrum. I den samanheng ser eg med spenning fram til konseptvalutgreiinga som Statens vegvesen skal leggja fram i samband med «Regionpakke Bergen» like over nyttår.
Dei lange planprosessane som i dag krevst før ein kan koma i gang med utbygging av svært tiltrengte prosjekt, er frustrerande. Med den utvikling som er i og rundt Bergen i løpet av ein tiårsperiode, skjer det så store endringar at me ikkje kan ha planprosessar som tek like lenge. Dei må i alle fall kunna koma ned i det halve, altså 5 år!
Nytt Sotrasamband er eit døme på kva eg meiner. Me skriv no 2010, og nytt og utbygd samband kan først vera på plass om vel ti år, vert det sagt frå Statens vegvesen. I mellomtida må det gjerast kortsiktige tiltak. Eitt slikt tiltak er å få fortgang i bygging av kollektivfelt fram til Sotrabrua. Sjølvsagt burde staten no ha stilt opp med dei midlane som trengst. Men for å sikra at kollektivfeltet kan koma på plass så snart som praktisk mogeleg, vert det arbeidd med at fylkeskommunen skal forskottera 100 mill. kr til prosjektet. Det vert teke sikte på å få fram sak om dette til fylkestinget i mars neste år.
Som vanleg på fylkestinget sitt møte rett før jul skal budsjettet for komande år vedtakast. Fylkesrådmannen la fram budsjettgrunnlaget tidleg i oktober og eit tillegg tidleg i november etter at statsbudsjettet for 2011 var lagt fram.
Fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag var som vanleg eit godt grunnlag for det politiske arbeidet som har vore gjort fram til fylkesutvalet si innstilling til fylkestinget. Også som vanleg – vil eg hevda – er eit godt utgangspunkt vorte endå betre med fylkesutvalet si innstilling. Eg vil særleg peika på at meir enn halvparten av påplussinga i innstillinga i høve til budsjettgrunnlaget går til kultursektoren. Med denne auken får me på plass fleire viktige og etterlengta kulturtiltak.
2010 har vore eit år der fylkestinget sine mange vedtak om nye skular og skuleutbetringar har vorte fullførte. Det var med stor glede eg på ettersommaren var på det som nærast kan kallast ein «opningsturné». Eg ventar ikkje at 2011 vert lik i så måte – det ville gå gale med økonomien om me skulle halda eit slikt «opningstempo» kvart år. Det er likevel lagt opp til store investeringar i skulesektoren også i 2011 og dei næraste åra, så fylkesordføraren vil nok få det travelt også framover.
Kollektivtransporten har vore i endring i fleire år. Ein viktig milepåle var oppstart av Bybanen i Bergen i sommar. Endringane i Bergen vil halda fram i 2011 når det etter planen vert starta med anbodskøyring i sentrum og Åsane til hausten og så følgjer Bergen Vest, Sotra, Øygarden og Askøy på deretter. Når denne omlegginga er gjennomført, vil heile kollektivtransporten med buss verta utført gjennom bruttoanbodskontraktar slik fylkestinget vedtok i 2004. Ei så stor omlegging som dette har vore, er krevjande og tek tid. Over 7 år! Vi har teke eit kjempeløft for kollektivtrafikken og dei reisande. Med «ny» og moderne busstasjon til 190 millionar kroner her i Bergen som vi skal vedta i dette tingsetet, kan det sjå ut som satsinga «ingen ende vil ta»!
2011 er siste året i denne fylkestingsperioden. Eg synest tida har gått fort og me har gode resultat å visa til også denne fireårsperioden. Det viktigaste av alt er å ha orden i økonomien. Det har me med felles innsats klart. Derfor står me sterkare rusta til å møta utfordringane som står framfor oss. Som nemnt har omlegginga i kollektivtransporten vore krevjande – det gjeld også økonomisk. Det er difor avgjerande at me har orden i økonomien om me skal klara å få kollektivtransporten så god og brukarvenleg som me ynskjer.
Fylkeskommunen er frå 2010 ein viktig vegeigar og –byggjar. Dei aller fleste prosjekta i Bergensprogrammet er på fylkesvegar. Det same gjeld dei store prosjekta andre stader i fylket som Jondalstunnellen, Kvammapakken og Bømlopakken. Ikkje alle har fått med seg dette, for eg ser framleis klager på manglande statleg satsing på den og den vegstrekning. Staten fortener rett som det er, kjeft og klager, men skal sleppa å få klager som helst burde kome til oss. Etterkvart som ansvarsendringa frå sist årsskifte går opp for fleire, vil nok presset på fylkeskommunen auka. Det ser eg likevel berre positivt på, for då vert fylkeskommunen meir synleg og fleire vil sjå at me har hand om viktige område der kommunar, næringsliv og einskildpersonar har interesser.
Ei gledeleg melding på opningsdagen for fylkestinget, er at den første nye ferja etter at fylkeskommunen fekk ansvaret for storparten av ferjedrift i fylket, er levert. MF «Selbjørnsfjord» skal setjast inn i sambandet Halhjem-Våge der FosenNamsos har vunne anbodet.
Dette er den første fornyinga av ferjeflåten sidan me fekk ansvaret frå 1. januar 2010. Det er ei kjent sak at ferjeflåten både her i fylket og oppover langs kysten er langt opp i åra. Snittalderen er på godt over 25 år. Så det trengst fornying.
Eg gler meg til at eg seinare i dag skal få høve til å døypa den nye ferja. Ekstra kjekt er det at dette er ei gassferje.
Vel møtt til fylkesting!
Fylkesrådmannen har ordet.
Talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 14. desember 2010