Samferdselsutvalet fekk ei orientering om prosjektet ”Spontan samkøyring” av Arild Eggen
frå Statens vegvesen region vest. Eit hovudpunkt i orienteringa var at ved å auka snitt personar i privatbilar i bergenstrafikken med 0,23 tilsvarar same kapasitet som den samla kollektivtrafikken i Bergensområdet.
Fellesframlegget frå Samferdselsutvalet lyder slik: Fylkesutvalet går inn for at prøveordninga med sambruksfelt 3+ snarast råd vert omgjort til 2+, og at ordninga vert gjort gjeldande i 12 månader etter oppstart. Fylkesutvalet går vidare inn for at 2+-ordninga vert evaluert etter 8 månader.
I saksframstillinga heiter det mellom anna at ordninga med sambruksfelt 3+ ikkje har påverka den totale trafikkavviklinga på Rv580 i særleg grad. Fylkesrådmannen si tilråding er at prøveordninga med sambruksfelt 3+ på Rv580 Flyplassvegen vert avvikla og at køyrefeltet vert reetablert som eit ordinært kollektivfelt. Det vart samrøystes nedstemt i Samferdsleutvalet.
Fylkesutvalet skal endeleg handsama saka 22. januar.
Bakgrunn
I brev datert 17. november 2008 presenterer Statens vegvesen evalueringa av prøveordninga med
sambruksfelt 3+ på Rv580 Flyplassvegen i Bergen. Det vart og presentert forslag til vidare tiltak på
denne vegstrekninga. Hordaland fylkeskommune er i brevet bedt om å avgje uttale til evalueringa og forslaget til vidare tiltak.
Det er Hordaland politidistrikt som er vedtaksstyresmakt for trafikkregulerande skilt i Bergen. Det er derfor lagt opp til at den fylkeskommune høyringa av evalueringa vil danne eit grunnlag for Statens vegvesen si tilråding for Hordaland politidistrikt sitt endelege vedtak.