Under årets siste fylkesting 8. desember vart han tildelt Hordaland fylkeskommune Oppfinnarprisen for 2009 av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Prisen er på 75.000 kroner, diplom og blomar.
Det finst ei rad ulike produkt for å få støtte i lese- og skrivearbeidet. Sverre Andreas Holbye og firmaet Include AS i Bergen har utvikla produktet TextPilot. Dette har forbetra og samla verktya i eitt program, gitt dei ei sterk pedagogisk forankring og gjort det meir brukarvennleg.
Internasjonale ambisjonar
Produktet kom på marknaden i 2008 og er eit godkjend hjelpemiddel av NAV. Hovudkundar er hjelpemiddelsentralane, samt grunnskulen, høgskular og universitet. I tillegg har Sør-Trøndelag fylkeskommune nettopp vedteke å nytta TextPilot i alle sine vidaregåande skular.
Include AS har inngått eit samarbeid med Universitetet i Bergen på å vidareutvikle produktet til å tilpassa seg brukaren slik at denne raskt kan lære av eigne feil. Det er ingen andre slike produkt på marknaden no, og det kan ha internasjonalt potensiale som eit verkty innan lese- og skrivevanskar. Produktet kan difor ha langsiktige samfunnsnyttige effektar og eit stort marknadspotensiale.
- Lese- og skrivevanskar er eit stort problem, både nasjonalt og internasjonalt. Problematikken er tilstades i skuleverket, arbeidslivet og på fritida. Det vil berre verte meir relevant ettersom kunnskapssamfunnet utviklar seg. Eit godt produkt innafor dette segmentet vil derfor kunne få svært mange brukarar, og ha stort potensiale til lønnsemd. I tillegg vil eit slikt produkt kunne bety mye for mestringsopplevingar for den enkelte, og mogleggjere inkludering for mange som i dag finn det utfordrande å delta, påpeika fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Heiderleg omtale for Lysflåten
Å utvikla tiltak for å utsetje kjønnsmogning er ei sentral utfordring innan torskeoppdrett. Tilførsel av lys er ein metode for å utsetje kjønnsmogninga. Kjell Lyder Risnes frå Sagvåg i Stord kommune har utvikla ein flåte kalla Ecosky Lightraft (Lysflåten) som inneheld kraftige lyskastarar som lyser nedover. Ved hjelp av asymmetriske reflektorar skal lyset dekkje heile merden.
Dette er meir naturleg for torsken enn dei løysingane som finst på marknaden no. I tillegg vil merden vere meir ryddig, med mindre vedlikehald og forstyrringar for torsken. Produktet kan gjere lysstyring enklare og meir praktisk også for laks.
Risnes har inngått ein samarbeidsavtale med Havforskningsinstituttet for å teste og dokumentere dei biologiske effektane av oppfinninga. Den kan vere med å auka lønsemda i heile oppdrettsnæringa, og produktet bør såleis ha eit stort marknadspotensiale.
Fylkesordføraren peikte på at satsing på marin næring er eit prioritert område i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland då ho utdelte Heiderleg omtale, diplom og blomster til Kjell Lyder Risnes og hans oppfinning Lysflåten.
Oppfinnarprisen sidan 1993
Hordaland fylkeskommune har delt ut Oppfinnarprisen for Hordaland sidan 1993.
Oppfinnarprisen skal bidra til auka kreativitet, innovasjon, og verdiskaping i Hordaland. Det er difor viktig at søkjar har vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si.
I år var det 15 innkomne forslag, og mange av desse var svært gode oppfinningar. Mange av desse vil vere meir eigna til å motta oppfinnarprisen om nokre år når oppfinninga har tatt større steg mot ein marknad. Oppfinnarprisen for 2009 er på kr 75.000,-.
Juryen har vore samansett av:
Torill Vebenstad, Hordaland fylkeskommune
Per Arve Frøyen, Innovasjon Norge
Svein Hatlem, NHO
Øystein Stavø Høvig, Senter for nyskaping, Høgskolen i Bergen
Jan Olav Ormberg, Acapo (tidlegare Bergen Patentkontor)
Roger Pilskog, LO