16,5 mill. kr til nye tiltak på 2010-budsjettet

Fylkestinget løyvde 8. desember 16,5 mill. kr meir til nye driftstiltak og 20 mill. kr meir til investeringar enn det fylkesrådmannen hadde føreslege i budsjettforslaget for 2010.

Forslaget som vart vedteke var sett fram av samarbeidspartia Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Vedtaket vart gjort med 30 røyster (H, Frp, KrF).

Vedtaket er identisk med innstillinga frå fylkesutvalet, bortsett frå at inndekkinga er noko justert. Den avsette reserven til fagskular vert ikkje redusert med 4 mill. kr slik forslaget var i fylkesutvalet. I staden vert kravet til effektivisering av drifta auka med 2 mill. kr til 7 mill. kr, netto driftsresultat vert redusert med 1 mill. kr og det vert rekna med 1 mill. kr meir i inntekter frå momskompensasjon.

Påplussingane innan drifta fordeler seg med 5,3 mill. kr til opplæring, 4,6 mill. kr til kultur, 6,0 mill. kr til samferdsel og 0,6 mill. kr til tiltak i samband med informasjonsstrategi. På investeringssida  er forslaget 10 mill. kr meir til utstyr ved dei vidaregåande skulane og 10 mill. kr meir til asfaltering av fylkesvegar.

Nye tiltak 

Opplæring

Påplussing på 5,3 mill. kr til opplæring går til desse tiltaka:
 Tilskot til skuleskipet Gann 0,5 mill. kr. Auke til bibliotekplanen 1,0 mill. kr. Til AbelCamp, eit helgearrangement i samarbeid med VilVite for elevar med nagturfaginteresser, 0,2 mill. kr. For å skaffa fram betre datagrunnlag for å vurdera tiltak mot bortval er det løyvd 0,2 mill. kr. Til tiltak for å redusera bortval er det også løyvd 0,3 mill. kr til Studiesenter Årstad.
 2 mill. kr går til å styrkja IKT-støtte ved dei vidaregåande skulane. 100 000 kr er sett av til stipend for vidareutdanning av lærarar.
 1 mill. kr er løyvd til å dekka renter og avdrag i samband med at investeringane til utstyr ved dei vidaregåande skulane aukar med 10 mill. kr. Samla budsjett for utstyrskjøp i 2010 vert 35 mill. kr i 2010.

Kultur 
Påplussinga innan kultur er på 4,6 mill. kr.
 Til Friluftslivets hus er løyvd 1 mill. kr i 2010 og planen er å løyva 1 mill. kr også i 2011. Til Bergen og omland friluftsråd sitt kystfriluftslivets hus er det også løyvd 1 mill. kr i 2010 og planlagt løyvd 1 mill. kr i 2011.
 Løyvinga til kulturelt utviklingsprogram (KUP) er auka med 1 mill. kr til i alt 7 mill. kr.
 Andre påplussingar i 2010 er: Pilgrimssenter Røldal 0,5 mill. kr, Hordaland husflidslag 100 000 kr, renessansehage Stend 100 000 kr, Statsraad Lemkuhl 200 000 kr, Espeland fangeleir  200 000 kr, Sunnhordland museum 200 000 kr, Kunstmusea 200 000 kr, Vestnorsk jazzsenter 100 000 kr, Ole Bull jubileum  100 000 kr, BIFF 100 000 kr.
 
Samferdsel 
Påplussinga innan samferdsel er på 6,0 mill. kr.

2 mill. kr er løyvd til kursopplegg for å kvalifisera og rekruttera fleire bussjåførar. Tiltaket skal gjennomførast i samarbeid med selskap, skular og kjøreskular.
 Til tilskot servicelinjer er løyvd 1 mill. kr. Midlane skal kunna nyttast som tilskot til oppretting av servicelinjer i samarbeid  med kommunar og frivillige organisasjonar.
 2 mill. kr er stilt til disposisjon for samferdselsutvalet til andre kollektivtiltak.
 I samband med at investeringa til asfaltering av fylkesvegar vert auka med 10 mill. kr, er det ført opp 1 mill. kr til å dekka rentar og avdrag med denne auken.
 
Kostnadsreduksjonar/inndekking 
For å dekka inn 16,5 mill. kr til nye tiltak er netto driftsresultat redusert med 6,5 mill. kr, fylkesrådmannen får i oppdrag å effektivisera drifta i organisasjonen med 7 mill. kr. Innan kultur skal det sparast 1 mill. kr på stillingsbudsjettet. 1 mill. kr av midlane til folkehelse vert omdisponert til friluftsbudsjettet. Og det vert rekna med 1 mill. kr meir i momskompensasjon.
 I høve til innstillinga frå fylkesutvalet er dette ein auke i kravet til effektivisering av drifta med 2 mill. kr – frå 5 mill. kr til 7 mill. kr.

Tekstforslag
Fylkestinget vedtok også desse punkta (føreslegne av H/Frp/KrF):
1. Fylkestinget vil koma tilbake til Fartein Valen-senteret,  og andre aktuelle kulturbygg, i samband med ei sak om langsiktig prioritering av tilskotsmidlar til kulturhus. Sak er venta framlagt 1. kvartal 2010. (Vedteke med 35 røyster, Frp, H, KrF, V, Raudt.)  

2. I samband med disponering av sekkepostar i fylkesvegplanen vil fylkestinget i perioden
prioritera veglys i tunnel Henanger-Skår, Baldersheim og sikringstiltak med evt. lysregulering av Nautnes bru. (Vedteke med 30 røyster, Frp, H, KrF.)

3. FlyBGO vert finansiert via RUP (regionalt utviklingsprogram) med 1,5 mill pr. år i to år, totalt 3 mill kr. (Vedteke med 30 røyster, Frp, H, KrF.)
4. Sak med strategi for tomteutvikling og framdriftsplan for evt. sal av fylkeskommunale eigedommar skal fremjast for politisk behandling 1. halvår 2010. (Vedteke med 35 røyster, Frp, H, KrF, V, Raudt.)

 

Forslag som fall 


Arbeidarpartiet og Senterpartiet sette fram felles forslag til fylkesbudsjett. Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Raudt sett fram eigne budsjettforslag. Ingen av desse forslaga vart vedtekne.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet
Forslaget frå Arbeidarpartiet/Senterpartiet hadde påplussingar på 75 mill. kr. Summen vil Ap/Sp finansiera ved å bruka 50 mill. kr mindre i driftsmidlar til investeringar og å få 25 mill. kr i inntekter frå staten sin belønningsmidlar for kollektivtrafikken i storbyområde.

Påplussingane fordeler seg med 22 mill. kr til vidaregåande opplæring, 1 mill. kr meir til rådvelde for næringsføremål, 5,5 mill. kr meir til kultur, 39,5 mill. kr meir til samferdsel, 3 mill. kr meir til tannhelse, 1 mill. kr meir til personalpolitiske tiltak og 3 mill. kr meir til renteutgifter.

Forslaget fekk 20 røyster (Ap, Sp og Raudt) og fall. Ap/Sp hadde også ei rekkje punktvise tekstforslag. Dei fleste av desse fekk 24 røyster (Ap, Sp, Raudt, SV) og fall.
 Forslaget:  «Inntaksreglane i den vidaregåande skulen må endrast slik at eleven får rett til å gå på den næraste skulen som har det aktuelle faget/tilbodet.» fekk 27  (Ap, Sp, Raudt, SV, V) røyster og fall.

Sosialistisk venstreparti
Sosialistisk venstreparti føreslo påplussingar på 60 mill. kr.
 Største påplussingane var 30 mill. kr meir til samferdsel (kollektivtrafikken) og 29,1 mill. kr til tiltak i dei vidaregåande skulane. 2 mill. kr var føreslått til miljø- og klimatiltak. Løyvinga til Business Region Bergen og Hordaland olje og gass ville SV redusera med 2 mill. kr.
 Den samla påplussinga på 60 mill. kr vil SV dekka inn ved å bruka 15 mill. kr mindre i driftsmidlar til investeringar, redusera posten til seinare fordeling med 15 mill. kr og auka inntektene med 30 mill. kr i tilskot frå staten sin belønningsordning for kollektivtrafikk.

Forslaget fekk seks røyster (SV og Raudt) og fall.

Venstre
Venstre føreslo 62,5 mill. kr i påplussingar til drifta og 46 mill. kr meir til investeringar.
 Påplussingane fordeler seg med 39 mill. kr til samferdsel, 19,5 mill. kr til opplæring, 3 mill. kr til kultur og idrett og 1 mill. kr til tannhelse. Påplussingar til investeringar gjeld  36 mill. kr til infrastrukturtiltak for kollektivtrafikken og 10 mill. kr meir til utstyr i dei vidaregåande skulane.

For å finansiera påplussingane budsjetterer Venstre med 60 mill. kr i tilskot frå belønningsordninga for kollektivtrafikk, 15 mill. kr i inntekter frå køprising, redusera avsetjing momskompensasjon/overskot med 20,5 mill. kr og spara 3 mill. kr ved effketiviserting.

Forslaget fekk Venstre sine tre røyster og fall.

Raudt
Raudt føreslo påplussingar på 30 mill. kr til opplæring, 5,3 mill. kr til kultur og idrett, 47,7 mill. kr til samferdsel  og 7 mill. kr til tannhelsetenesta.
 Tilleggsløyvingane  vil Raudt finansiera med 30 mill. kr i inntekter frå belønningsmidlar, overføra 20 mill. kr frå investeringsbudsjettet og setja av 50 mill. kr mindre til seinare fordeling.

Forslaget fekk RV sine to røyster og fall.

Stanley Hauge 08.12.2009 19:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart