Fem vil drifta Bybanen

- Det er gledeleg for Hordaland fylkeskommune at så mange kan inviterast til å levere tilbod på drift av Bybanen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Hordaland fylkeskommune har motteke søknader frå fem operatørselskap som ønskjer å inngå kontrakt med Skyss om drift av Bybanen i Bergen.

Skyss har fastsett krava for å sikre at dei operatørane som får høve til å delta i konkurransen har naudsynte føresetnader for å kunne oppfylle kontrakten. Skyss har kome til at samtlege fem søkjarar oppfyller kvalifikasjonskrava som er: krav til juridisk stilling, økonomisk/finansiell kapasitet og tekniske/faglege kvalifikasjonar.

Følgjande operatørselskap vil dermed bli invitert til å levere tilbod: 

* Fjord1 Partner AS (u.s.)
* NSB AS
* Oslo Sporvognsdrift AS
* Tide Buss AS
* Veolia Transport Norge AS

Fristen for innlevering av tilbod er sett til 5. desember 2008. Vinnaren skal vere klar 1. april 2009.

Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11  /  mob.) 915 22 733

03.09.2008 09:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart