Kulturkonferansen 2008 ”Lokal og regional kulturpolitikk” har eit breitt tema og vil setja fokus på konkrete lokale og regionale kulturområde. Samstundes vil konferansen retta søkjelyset mot den kulturpolitiske kvardagen lokalt og regionalt. Blant innleiarane som vil sjå på utviklingstrekk og aktuelle kulturpolitiske utfordringar for kommunar og fylke finn vi mellom anna stortingsrepresentant Lars Sponheim, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, byråd Henning Warloe og professor Per Selle frå Universitetet i Bergen.
Konferansen har stor deltaking frå politikarar, organisasjonar, institusjonar og kulturarbeidarar på lokalt og regionalt nivå. Målsettinga er å setja dei kulturpolitiske utfordringane i perspektiv og å gje inspirasjon og stimulans i arbeidet med å utmeisla ein framtidsretta lokal og regional kulturpolitikk. Både kulturlivet og rammer endrar seg. Blant spørsmåla ein stiller seg er om det frivillige organisasjonslivet er like viktig som før? Vert det lagt til rette for at menneske med annan kulturell bakgrunn kan delta i det lokale kulturlivet? Korleis arbeidar vi vidare med musea no etter reforma?
Bakgrunn
Med syttitalets kulturmeldingar, fekk kommunar og fylkeskommunar viktige oppgåver i den nye nasjonale kulturpolitikken. Stikkord var desentralisering, demokratisering og eit utvida verdibasert kulturomgrep med fokus på kulturens eigenverdi, det kulturelle mangfaldet og kultur som allemannseige. Tida var prega av statleg stimulans til utvikling av ein sjølvstendig desentralisert kulturpolitikk.
På nittitalet kom eit skifte i kulturpolitikken. Mange har peika på at kulturmeldingane i aukande grad sto for sentralisering og avpolitisering av kulturfeltet, og først og fremst var planverktøy for statleg kulturpolitikk utan ambisjonar for ein nasjonal kulturpolitikk med kommunar og fylkeskommunar som medspelarar. Såleis vart dei lokal- og regionalpolitiske handlingsromma på kulturområdet utfordra. Samstundes har kommunar og fylkeskommunar fått ansvar for iverksetjing av statlege oppgåver. Fleire hevdar at dette gjev lite rom for sjølvstendig politikkutforming, og den lokale og regionale kulturpolitikken søkjer gjerne legitimitet på andre politikkområde.
Kontaktperson:
Konst. fylkeskultursjef Ronny Skaar – mob.) 930 23 928 / 55 23 91 77