- Vestlandet krev heving av ubåtvraket

- Eit samla Vest-Norge ber innstendig Regjeringa om å nytta dette høvet til å få fjerna ubåtvraket, og dermed frykta, for all framtid, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i eit brev sendt fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i går.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen lovar i BT i dag, 14.11.2008, at ho skal arbeida for ei rask avklaring av ubåtsaka. Denne veka fekk ho overlevert Kystverket sin sluttrapport om miljøtiltak for vraket av den tyske ubåten U-864 ved Fedje. Rapporten slår fast at både hevings- og tildekkingsalternativet let seg gjennomføra.

Brev til fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.PDF

- Vi talar heile Vestlandet si sak med vektige argument for heving av ubåtvraket, og bidrar slik gjerne til fiskeriministeren si snarlege avklaring av saka, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. I brevet  understrekar ho at heving av ubåtvraket vil fjerna både miljøtrusselen og frykta.

Folkekrav 
- Eit samla Vestland ser ikkje tildekking som noko fullgod løysing eller eit permanent miljøtiltak, slik Kystverket tilrår. Både lokalt på Fedje og regionalt vil vi ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet. Dette forklarar den sterke uroa og massive motstanden frå folkedjupna og leiande medier mot å dekkja til vraket.

Fylkesordføraren peikar vidare på at kontrakten med Mammoet Salvage på nær 1 milliard kroner for å få heva ubåtvraket er mykje pengar. Ho fryktar likevel at kostnadane på lang sikt vil verta langt høgare ved det andre alternativet.

- Når vi veit kva Vestlandet dagleg bidrar med av varer og tenester, ikkje minst frå fiskeri- og oppdrettsnæringa, er ikkje ein milliard kroner for å trygga desse næringane og kystbefolkninga si fysiske og mentale helse i framtida, ein høg pris å betala, meiner Selsvold Nyborg.

-  Klarar vi ikkje å rydda opp utanfor vår eigen kyst mistar me all truverd i natur- og miljøvernsaker internasjonalt. Å dekka til ubåtvraket ved Fedje er inga fullgod løysing. Vi vil på det sterkaste be Regjeringa om å gå for hevingsalternativet og dermed fjerna vraket, og frykta for, all framtid, avrundar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Kontaktperson:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11  /  mob.) 915 22 733

Simon Sortland 14.11.2008 11:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart