- Vi beklagar NVE si godkjenning av Statnett si planlagde høgspentline langs Hardangerfjorden. Heile Hardanger og Hordaland med fleire har kjempa mot dette. No må me stå på vidare for å få til ei betre løysing med sjøkablar, meiner fylkesordførar Torill S
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sa i dag ja til Statsnett sine planar om bygging av ei omstridd høgspentline langs Hardangerfjorden. NVE meiner at luftspennet knapt vil vere synleg frå område der folk bur og ferdast.
Motstanden er stor, og er ei sak som har samla heile Hardanger, det meste av Hordaland og mange fleire med for å unngå rasering av naturen i området. Høgspentlina skal sørga for at det kjem inn nok straum til Bergensområdet og sikra forsyninga i Hordaland.
- Undersjøiske kablar vil eigna seg godt i dette høvet, om det vert noko dyrare. Vi vil jobba vidare for å få mest mogleg av denne høgspentlina lagt i undersjøiske kablar, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11 / mob.) 915 22 733