Fylkesordføraren gratulerer Oslo med nytt og flott operabygg i Bjørvika, nytt pasienthotell for Radiumhospitalet, planane om nytt Nasjonalmuseum på Vestbanen og planane om å samla viktige museer i Bjørvika. Dette er alle gode prosjekt og vil gi oss ein hovudstad å vere stolt over.
- Det uroar oss derimot sterkt at Bergen og Hordaland fylkeskommune sine særs viktige prosjekt for nytt odontologibygg, ny høgskule og kunsthøgskulen enno ikkje har fått si finansiering, etter å ha stått på topp på prioriteringslista i mange år, seier Nyborg.
Systematisk skeivfordeling
Ho held vidare fram den klare skeivfordelinga i disfavør av helseforetaka her vest som vart klart synleggjort av Magnussen-utvalet. Med kunngjeringane av dei nye planane for milliardsatsing på kulturbygg i hovudstaden denne veka, vart også skeivfordelinga på kulturfronten tydeleg understreka. I tillegg skal det byggjast og moderniserast for 800 millioner kroner i regjeringskvartalet.
- Vi ser klart at Oslo seglar opp og forbi på den statlege prioriteringslista, slik at våre viktige prosjekt vert skjøvet endå lenger bak i tid.
Nytt odontologibygg i Bergen står øvst på prioriteringslista av statlege bygg i Hordaland, med ei godkjend kostnadsramme på 500 millionar kroner. Dagens kummerlege tilhøve reduserer ikkje berre kapasiteten på utdanninga, men også rekrutteringa av forskarar, kliniske lærarar og spesialistar. Kostnadsramma for Kunsthøgskulen er førebels sett til ein kvart milliard kroner. Departementet sa tidlegare nei til oppstart av ny høgskule sjølv om Trond Mohn tilbaud å forskottera 300 millionar kroner, med grunngjeving i høgkonjuktur og press på økonomien.
- No er det på tide at Bergen og Hordaland får setje i gang bygginga av nytt odontologibygg, ny høgskule og kunsthøgskule i Bergen. Det er eit rettmessig krav når Hordaland bidreg med 805 millionar kroner dagleg til statskassa i følgje tal frå SSB, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11 / mob.) 915 22 733