Fem kulturstipend delt ut frå fylkeskommunen

Kultur- og ressursutvalet var samrøystes i si tildeling av kunstnarstipenda for 2008 i går. Fem kunstnarstipend på 25 000 kroner kvar vart tildelt Sabine Popp frå Ulvik og til bergenserane Trine Hovden, Gisle Frøysland, Kristin Mulders og Øyvind Vågnes.

Etter innstilling frå stipendkomiteen for NK-Vest-Norge vart Trine Hovden frå Bergen tildelt stipendet for kunsthandverk. BKFH stipendkomite innstilte på Sabine Popp frå Ulvik og Gisle Frøysland, Bergen til stipend for biletkunst. Stipend frå andre grupper etter innstilling frå Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune vart bergensarane Kristin Mulders i musikk/song og for forfattarskap Øyvind Vågnes frå Bergen.

125 000 stipendkroner
Hordaland fylkeskommune har til rådvelde 5 kunstnarstipend årleg, kvart på kr 25 000. Det kom inn 48 søknader som fordela seg slik på dei ymse gruppene: Biletkunst 18, kunsthandverk 7, musikk/song 12, scenekunst/dans 5, forfattarar 4 og film 2. Det vart delt ut eit stipend til kunsthandverk og to i gruppene biletkunst og dei andre kunstgreinene.

I retningslinene for stipenda heiter det at stipendet kan nyttast som arbeids-, etterutdannings- eller reisestipend. Når det finst fylkesfemnande kunstnarorganisasjonar, skal desse ha rett til å gje tilråding for si kunstgrein. Tilrådinga skal vera grunngjeven. Dersom søknadsmengda tillet det skal minst eitt av stipenda tildelast kunstnarar som er busette i Hordaland utanom Bergen kommune.

Kontaktpersonar: Leiar i Kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad – mob.) 957 97 021/55 08 10 10
Ronny B. Skaar – nestleiar kultur- og idrettsavdelinga – 55 23 91 77 / 930 23 928

03.06.2008 11:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart