Etter Medietilsynet sine nye tildelingar av lokalradiokonsesjonar er det mange friviljuge eldsjeler og lokalradioentusiastar som fekk seg ein knekk. Ein av dei er Kystradioen. I 24 år har den dekka og løfta fram kystkulturen, lokal- og fylkespolitikken på ein tillitvekkjande måte. Kystradioen har knytt band mellom kommunane Askøy, Sund, Fjell, Øygarden, Austevoll og Bergen.
- Vi vonar at anken på denne konsesjonstildelinga vil få Medietilsynet til å sjå nærare på kriteria og omgjera dette vedtaket. I sin store idealisme og entusiasme har lokalradioane, og særleg Kystradioen, trudd at det var lokalradio vi skulle satsa på. Kystradioen har skapt fire arbeidsplassar utan å belasta staten ei krone gjennom sin friviljuge innsats.
Fylkesordføraren peikar også på at Kystradioen si dekning av kommunal- og fylkespolitikken har løfta fram lokalsamfunna og våre viktige kystkulturverdiar. Ei nedlegging av denne populære lokalradioen, som femnar langt vidare enn sine dekningskommunar, er småleg og lite framtidsretta mediepolitisk tenkning.
- Skal vi gi etter for dei kapitalsterke mediebedriftene og rasera mangfaldet i medielandskapet vil vi få eit stort tap. Då kan me sjå fram til platesnurring døgeret på tamp, fryktar fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11 / mob.) 915 22 733