Dramatiske kutt for hordalandsvegane

- Framlegget til Nasjonal Transportplan 2010-2019 er dramatisk for Hordaland. Rammene for stam- og øvrige riksvegar vert kraftig redusert. Dette vil medføre at viktige prosjekt som Rådal-Svegatjønn og Eikåstunnelen vert skyvd fleire år ut i tid, seier ei

I dag la dei statlege transportetatane fram forslaget til Nasjonal Transportplan 2010-2019. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg konstaterer at staten vil finansiera drift og vedlikehald på stamvegane ved å redusera investeringane til øvrige riksvegar.

Utset viktige vegprosjekt
- Dette er ein heilt klar tendens, og konsekvensane er svært dramatiske for oss. Sjølvsagt er det positivt å satsa på drift og vedlikehald for å ordna opp i forfallet, men det vert feil å ta så mykje av pengane frå viktige investeringar til styrking av infrastrukturen, seier Nyborg.

Redusering av riksvegrammene betyr vidare at viktige prosjekt som utbetring av vegane på Askøy, Bømlopakken, Nordhordlandspakken og tunnel bak Tysse no står i fare. Det er ikkje lagt opp til satsing på E134 Haukeli i Hordaland. Her har ein auka tunnelkapasiteten, men store flaskehalsar er ein ikkje kvitt.

- Vi ser for oss ein lang periode der det knapt kan investerast i nye vegar i fylket vårt, seier fylkesordføraren. Ho legg til at det også er skuffande å konstatera at dobbeltspor for Arna-Bergen heller ikkje ligg inne.

Jubel for Vossapakken
- På den positive sida finn me at Vossapakken er inne, Hardangerbrua er omklassifisert til stamveg slik at den ikkje lenger konkurrerar med øvrige riksvegprosjekt, og det er ei lita satsing på auka trafikksikringstiltak, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Simon Sortland 17.01.2008 14:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart