Lanserer video om dataergonomi for elevar

Hordaland er den første fylkeskommunen i landet som lanserer ein video med informasjon om dataergonomi for skuleelevar. Den offisielle lanseringa stod leiar Roald Stenseide i Opplærings- og helseutvalet for på Fyllingsdalen vidaregående skole i dag klokka

Innføringa av Den digitale skulen i Hordaland fylkeskommune inneber ein ny skulekvardag med nye utfordringar, både for elevar og tilsette. Opplæringsavdelinga har saman med HMT-seksjonen fått laga ein instruksjonsfilm om dataergonomi for alle elevar i vidaregåande skule.

I 2007 fekk alle grunnkurselevar i dei vidaregåande skulane levert ut berbar PC til dagleg bruk i undervisninga.  Denne ordninga vil halda fram og etter kvart verta utvida til å gjelda alle elevar i skulane våre. På bakgrunn av erfaringar frå arbeidslivet dei siste 20 – 30 åra veit vi at arbeid ved dataskjerm kan føre til utvikling av belastningsplager i nakke, handledd, olboge, rygg, augo o.s.b. Det vart difor sett i gang arbeid med å laga ein informasjonsfilm retta mot elevar i vidaregåande skule om kva som skal til for å ha det bra framfor skjermen.

To dyktige elevar frå dramalina ved Fyllingsdalen videregående skole og deira dramalærer har gjort ein flott jobb med å få fram denne bodskapen. Videofilmen er no klar til å takast i bruk. Filmen vert lagt inn på alle PC-ar levert ut frå HFK av IT-seksjonen. Alle elevar i fylket sine skular skal i haust sjå filmen saman med lærar, og den vil vere tilgjengeleg på eigen pc og fylkeskommunale nettstader. Den vert obligatorisk vist 1. september og 1. oktober.

Viktig med variasjon
Når elevane loggar seg på sine PC-ar desse to dagane vert filmen samstundes starta opp på PC-ane deira. Filmen kan lastast ned frå www.skoleportalen.no.

På skuleportalen vil videofilmen vera tilgjengeleg for elevane gjennom heile tida dei går på vidaregåande skule.

Lærarane vert oppmoda om å sjå videofilmen saman med elevane i undervisninga, og at det vert sett fokus på kor viktig det er med variasjon i arbeidsstilling for å førebyggja belastningslidingar. Døme på gode tiltak i denne samanhengen kan vera å leggja til rette undervisninga slik at ein vekslar mellom ulike undervisningsmetodar og/eller at ein har minipausar der elevane får høve til å strekkja på seg. 

Innhaldet i videofilmen byggjer på informasjon frå offentleg regelverk og brosjyrar som er laga for å førebyggje belastningslidingar ved PC-arbeid, til dømes forskrift nr.528 og rettleiing nr.540  ”Arbeid ved dataskjerm”, samt faktaside om Ergonomi frå Arbeidstilsynet sjå: www.arbeidstilsynet.no.

Kontaktperson:
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld - dir.) 55 23 92 17 – mob.) 93 23 05 60

svein-erik.fjeld@post.hfk.no

20.08.2008 14:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart