Viktige eksportarbeidsplassar går tapt om Blikkvalseverket vert lagt ned

Det er svært beklageleg at 260 tilsette misser arbeidet sitt og at den tradisjonsrike industriverksemda Blikkvalseverket forsvinn, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i ein kommentar til at Corus Packaging Plus (CPP) har meldt at Blikkvalseverket

For dei som misser jobben er det ein trist dag, og nedlegginga av denne eksportretta verksemda er eit stort tap for industrimiljøet vårt, seier fylkesordføraren.

Eg oppmodar Corus Packaging Plus (CPP) om å finna alternative driftsformer for å føra drifta på Laksevåg vidare - om  enn i redusert omfang eller med alternativ produksjon, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg. Selskapet må parallelt med dette jobba aktivt for å sikra medarbeidarane nye jobbar.


Kontaktperson:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg - mob. 915 22 733

Stanley Hauge 18.04.2008 14:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart