Kulturnæringar kan måla seg med skipsbygging

Kulturnæringane sysselset 3.5 prosent (7 609 personer) og står for 3.1 prosent av verdiskapinga, og kan difor måle seg med viktige næringar som skipsbyggingsindustrien i Hordaland. Det syner rapporten «Kartlegging av kulturnæringer i Hordaland» som Hordal

Å få eit betre kunnskapsgrunnlag om kulturnæringane sitt omfang, virkemåte og dei bidraga dei kan gi til den generelle næringsutviklinga i fylket er bakgrunnen for at Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Bergen kommune sette i verk prosjektet «Kartlegging av kulturnæringer i Hordaland».

Dei tre initiativtakarane fekk med seg representantar frå BRAK (Bergens Rockaktører), Bergen Media By, Vestnorsk Filmsenter og Kunsthøgskolen i Bergen i referansegruppa. Kartlegginga og analysane har vore leia og utført av selskapet ideas2evidence ved Jostein Ryssevik.

Motor for regional uvikling
Rytmisk musikk, media og design står for knapt ein fjerdedel av sysselsetting og verdiskaping innanfor kulturnæringane. Dei tre næringane er prega av vekst, nyskaping og eit stort antal nye selskap. Desse er hovudsakleg små og er blitt etablert i løpet av dei siste 5-6 åra.

Både når det gjeld sysselsetting og føretak har rytmisk musikk, media og design vakse raskere enn dei øvrige kulturnæringane. Dette har skjedd i ein periode der både Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Bergen kommune har prioritert utviklinga av nettopp desse næringane.

Uroa for TV2 i Bergen
Medienæringa i Hordaland ligg nærast det som ofte vert omtala som ein regional næringsklynge. I rapporten kjem det fram stor uro for kva som skjer når TV2 sin konsesjon går ut. Vil selskapet flytta frå Bergen? Rapporten slår vidare fast at utvikling av ein sterk og levedyktig regional film- og medieindustri utanfor Oslo krev ei bevisst og langsiktig satsing. Det bør arbeidast systematisk for finansiering av lokale filmprosjekt, og for å byggje sterkare selskap, særleg i den utsette kinofilmmarknaden.

Musikkbransjen har mange fellestrekk med ei regional næringsklynge. Ein sterk internasjonal orientering, men er økonomisk svakare enn mediebransjen. Tilvekst av nye talent er heilt avgjerande for ein lokal musikkindustri. Tiltak som kan sikre breidde og mangfald er difor viktige. Både i musikk- og medienæringa er vidare støtte til det arbeidet som dei etablerte nettverksorganisasjonene utfører avgjerande.

Næringane er til dels svært ulike, med eit breitt sett av samarbeidande funksjonar. Musikk/rytmisk manglar ein del funksjonar for å framstå med sterke og fullstendige verdikjeder, til dømes innan management. Entreprenørskap, marknadstilpassing, kompetanse, nettverk, sterkare klynger og fullstendige næringskjeder vil få fokus framover når det gjeld  kulturnærings- og stønadspolitikken.

Viktige nettverk
Nettverksorganisasjonane er svært viktige. Ei prioritering av den nye nettverksorganisasjonen Design Region Bergen er i denne samanheng viktig. Design skal selje sine produkt til anna næringsliv, dei er kommersielle og relativt små, men aktive. Difor bør tiltak for kontakt og samarbeid mellom designnæringa og det øvrige næringslivet i fylket også prioriterast. Endeleg kan lokale og regionale myndigheiter spele ei sentral rolle som bevisst kjøpar av designtenester, og som pådrivar for godt design i utforming av offentlege rom og bygningar.

Eit interessant funn i rapporten er at kulturnæringane i Hordaland er meir urbane enn tilsvarande på Austlandet. Bergen nyt godt av ein nr 2-by effekt - står saman mot både hovudstaden og verden elles. Kulturnæringsaktørane flyttar gjerne på seg, men ikkje til Oslo, heller til Berlin/London. Unntak er film, der ein ser resultat av ein pågåande nasjonal sentralisering.


FAKTA OM KULTURNÆRINGAR:
· Antal sysselsatte i kulturnæringane i Bergen/Hordaland totalt har auka med kring 10 prosent sidan 2000.
· Bergen er viktigare for kulturnæringa i vest enn Oslo er i aust. Berre halvparten av sysselsatte i Osloregionen held til i byen. I Hordaland held 80 prosent av alle sysselsatte i kulturnæringane til i Bergen.
· Alt frå utøvande kunst og kunsthandverk til industridesign, arkitektur og media reknast med når det offentlege snakkar om kulturnæringar.

KULTURNÆRINGA SAMANLIKNA MED ANDRE NÆRINGAR:

Sysselsatte (antal)
·
 Kulturnæringar:   7600
· Oljeplattform- og skipsbygging  7360
· Jordbruk, fangst, fiske og oppdrett 5175

Bruttoprodukt (i kroner)
· Kulturnæringar:   3,7 milliardar
· Oljeplattform- og skipsbygging  3,5 milliardar
· Jordbruk, fangst, fiske og oppdrett 1,9 milliardar (kjelde SSB)

(Bruttoproduktet, eller verdiskapinga som vert skapt i ei næring, minus verdien av varene som har gått med til å produsera dei).

KONTAKTPERSONAR:

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen - mob.) 928 17 198
Spesialrådgjevar Jone Engesvold, strategi- og næringsavdelinga -  mob.) 97 66 04 77

Simon Sortland 15.11.2007 12:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart