Den 23 årige tradisjonen med å sende julegran frå Hordaland fylkeskommune til Edinburgh fekk seg ein knekk i år. – Det vart ei mistyding med grunneigarane om kva gran som skulle sendast, så me avlyste seansen. Men me skal gi byen eit juletre, men det vil
Grana var allereie plukka ut. Det var ei staut og staseleg gran på Tveiterås. Lastebil og kranbil stod klar til å ta seg av felling, løfting og transport. Tveiterås musikkorps spelte, og det vart servert kaffi, boller og brus.
Sjølvsagt ifølge tradisjonen var også vinnarar av lokalavisa Edinburgh Evening News/The Scotsman sin konkurranse til stades, bestemora Pauline Wood saman med tre barnebarn, som vant ein tur til Norge og Bergen for å følge julegrana frå start til mål i Skottland.
Mistyding
- Grana kunne ikkje fellast fordi løyve ikkje var gitt. Vi skal få gitt dei ei gran, men denne gang får grana kome frå Skottland i staden, seier Nyborg.
Ho vedgår at dette var kjedeleg, for dei frammøtte, gjestene våre, men også fordi fylkesordføraren sjølv skal til Skottland og overgje gåva frå Hordaland.
- Dette var ei mistyding med grunneigarane i høve kva for gran som skulle sendast. Det var nemleg to graner ved sida av kvarandre, og den eine var litt finare enn den andre. Vi synes vi må senda ei flott gran, og på den måten ynskja innbyggjarane i Edinburgh god jul på ein skikkeleg måte, fortel ho.
Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – dir.) 55 23 90 11 / mob.) 915 22 733