Undersøkinga, som er den fyrste av sitt slag i Hordaland, baserer seg på knapt 2000 turistar frå 60 nasjonar. Turistane vart mellom anna intervjua gjennom spørjeskjema. Undersøkinga, som er gjennomført av konsulentverksemda Kaizen, er eit samarbeid mellom destinasjonane i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune.
Det blir utarbeidd rapportar på fylkes-, destinasjonsnivå og på tema. Fylkesrapporten vart lagt fram for Forum Reiseliv Hordaland på eit møte onsdag 28. november.
Rapporten i pdf-format
Ulike typar turistar
Undersøkinga viser skilnader mellom turistane som vitjar Hordaland. Den typiske førstegongsbesøkjande er eit utanlandsk par, som har organisert turen sjølv og har i gjennomsnitt 3,2 netter på den aktuelle staden. Gjenkjøparen er gjerne eit norsk par eller barnefamilien. Her er reisemålet i seg sjølv hovudmål, og dei vert gjerne 5 netter på same staden. Rundreiseturisten er gjerne eit europeisk par og dei tingar gjerne reisen 3 månader på førehand og er 2,2 netter på reisemålet. Den typiske destinasjonsturisten er gjerne norsk eller tysk og vert gjerne over ei veke på same plass.
Undersøkinga syner at dei tilreisande er godt nøgde med det dei vert tilbydd. Heile 96 prosent svarer at opplevinga er som forventa eller betre – av desse seier 61prosent at opplevinga er betre enn forventa. Dette er høge tal som ikkje må verta noka sovepute i den vidare utviklinga av reiselivsproduktet.
Den høge skåren kan og vera eit teikn på at vi undersel opplevingane som ventar potensielle turistar. Klarar vi gjennom marknadsføringa å formidla opplevingane som ventar betre, kan dette bety stor auke i innteningsgrunnlaget for reiselivsnæringa – ei næring som tradisjonelt slit med låge marginar.
Natur- og landskap viktige kjøpsmotiv
Ikkje uventa er det naturen og landskapet som er viktigaste kjøpsmotivet for dei besøkande anten dei er gjenkjøparar, førstegangsbesøkande, rundreiseturist eller oppheld seg på same destinasjon gjennom heile opphaldet. Den unike posisjonen som fjordane har som reisemål, mellom anna stadfesta gjennom fleire kåringar i National Geographic, tel sterkt når turistane vel reisemål.
I tillegg til natur- og landskap vert også det å oppleva og utforska nye stader og lære noko nytt trekt fram som viktige kjøpsmotiv. Respondentane framhevar også idylliske og autentiske stader, fred og ro og lite masseturisme som lokkande trekk ved reiselivstilbodet i Hordaland. Gjenkjøparane er meir opptekne av aktivitetstilbodet enn dei førstegongsbesøkande. Ikkje uventa vert Voss trekt fram som destinasjon mellom dei som søkjer spanande aktivitetstilbod.
Fjordane eit reisemål i seg sjølv
Ingen av destinasjonane har attraksjonar kan definerast som attrakjson i kraft av si eiga tiltrekningskraft slik attraksjonen i seg sjølv vert eit reisemål, utanom fjordane våre. Ingen tilbod vart nytta av meir enn 25 prosent av dei tilreisande. Det ligg ei stor utfordring i å vidareutvikla attraksjonar og få fram breidda i tilbodet i Hordaland. For den einskilde attraksjon kan det liggje eit stort innteningspotensial her.
Internett og vegen vidare
Internett vert ei stadig viktigare kjelde for innhenting av informasjon og organisering av reisene. Dette syner at målsettinga for offentleg verkemiddelbruk i Hordaland om å medverke til at 80 prosent av reiselivsverksemdene skal vera bookbare via internett innan år 2008 er rett.
Andre viktige informasjonskjelder er reisehandbøker, familie og vener og informasjon frå turoperatørane sine katalogar. Den store vektlegginga av reisehandbøker, gjer at det i framtida vil vera viktig å sikra at desse formidlar reiselivstilbodet på ein god måte.
Undersøkinga gir verdfull informasjon for vidare utvikling på reiselivsfeltet i Hordaland. Hordaland Fylkeskommune, som i september oppretta eit eige Arbeidslag Reiseliv, vil saman med reiselivsorganisasjonane, destinasjonane i fylket, andre offentlege aktørar og næringa sjølv aktivt nytta den nye kunnskapen for å gjera reiselivet til ein enno viktigare næringsgrein.
Ein viktig lekk i dette arbeidet vil vera stadig å få oppdatert kunnskap om dei som vitjar vårt spanande fylke. Det er difor intensjonen å gjennomføra ei liknande undersøking i 2009.
Kontaktperson:
Rådgjevar Kjartan Pettersen – Arbeidslag reiseliv - 55 23 93 16/90 06 16 80 – kjap@post.hfk.no http://www.hordaland.no/reiseliv