StatoilHydro-fusjonen: - Viktig avgjerd for regionen

- Vi er veldig godt fornøgd med at StatoilHydro har valt å leggja leiinga for sitt forretningsområde for teknologi og ny energi til Bergen. Det er dette vi har håpa på og kjempa for, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Organisasjonskartet og namna til dei nye leiarane i StatoilHydro vart offentleggjort i dag.

- Når det gjeld Hordaland og Bergen kan vi slå fast at denne regionen kjem godt ut av fusjonen. Det er også heilt klart at Bergen kjem til å spele ei sentral rolle innan drift, produksjon, modifikasjon, boring og undervassteknologi i det nye selskapet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

I tillegg kjem ein del andre viktige fagdisiplinar der Bergensmiljøet allereie har ein høg kompetanse til å bli styrka. Slik det ser ut kjem talet på tilsette i StatoilHydro Bergen til å liggja på same nivå som det Statoil og Hydro til saman hadde her før fusjonen.

Får sentral rolle
Margareth Øvrum skal leia området for Teknologi og ny energi fra Bergen. Nokre av leiarane under ho som er utpeikta i dag kjem til å sitja både i Trondheim, Bergen, Stavanger og Porsgrunn.

Statoil deler sitt framtidige engasjement på norsk sokkel inn i tre  geografiske område. Nordsjøområdet skal leiast frå Bergen under Lars Christian Bacher frå Statoil. Han har vore leder for Statoil Bergen tidlegare.

- Vi har tillit til at arbeidet med å organisera det nye selskapet har vore gjort for å få til eit rasjonelt selskap som kan møta framtida sine utfordringar her i landet og internasjonalt. Vidare kan vi konstatere at Bergen vert eit svært viktig driftssenter for StatoilHydro i åra framover, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Organisasjon og nye leiarar klare i Statoil

Simon Sortland 19.03.2007 13:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart