Deltek på matfestival i Wales

Kultur- og ressursutvalet har sansen for The Celtic Food & Drink Festival i Hordaland fylkeskommune sin samarbeidsregion Cardiff i Wales. Dei løyvde samrøystes inntil 45.000 kroner som er ein tredel av kostnadane for dei fem representantane frå Hordaland.

Fylkeslandbrukskontoret i Hordaland ynskjer å sende to matprodusentar, ein representant frå reiselivsnæringa og to faglærarar frå Fitjar vidaregåande skule til festivalen som går av stabelen den 13.-15. juli i år.

Responsen på Hordaland sin stand på fjorårets festival var svært god, der ein tilmed fekk marknadsført  seg i BBC radio og på fjernsyn. Deltakinga på festivalen er eitt av fleire konkrete tiltak som ligg inne i samarbeidsavtalen mellom regionane Cardiff og Hordaland.

08.03.2007 14:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart