Kultur- og ressursutvalet godkjende samrøystes at det vert inngått avtale mellom Os kommune og Hordaland fylkeskommune når det gjeld framtidig fastsetting av tilhøvet mellom kommunale og fylkeskommunale driftstilskot.
Før kvart budsjettår, og i god tid før administrasjonane i kommunen og fylkeskommunen skal leggja fram første utkast til budsjett, skal administrasjonane ha eit drøftingsmøte om driftstilskotet til Oselvarverkstaden for det komande budsjettåret. Det samla driftstilskotet frå kommunen og fylkeskommunen vert dekt med 40% frå kommunen og 60% frå fylkeskommunen.
Ordninga med at Os kommune held hus for Oselvarverkstaden held fram. Husleiga – som i 2006 er sett til kr 200.000 - kan ikkje setjast opp utan etter semje også med fylkeskommunen. Denne avtalen gjeld for 3 år og skal så reforhandlast og vert deretter lagt fram for politisk godkjenning.