- Me er svært glade for at regjeringa løyver sju millionar kroner til ny brannstasjon som sikrar framleis drift på Stord Lufthamn, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) vitja sundag Stord Lufthamn og opplyste at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett løyver sju millionar kroner til bygging av ny brannstasjon slik Luftfartstilsynet krev.
Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust har vore klar på at om desse pengane ikkje kom, hadde sjansen for at flyplassen måtte stenge vore stor. No vil bygginga starte i september og stasjonen stå ferdig våren 2008.
Store investeringar
- Krava til ny brannstasjon og nytt tårn er store økonomiske utfordringar me ikkje kunne klart åleine, og me er difor sjølvsagt svært glade for at ny brannstasjon no kjem på plass. Dette er noko me har jobba for lenge, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Hordaland fylkeskommune eig 21 prosent og Stord kommune 79 prosent av flyplassen. Fylkesordføraren peikar på at eigarane ynskte ei løyving på i alt 28 millionar kroner over Statsbudsjettet i fjor for å få på plass både ny brannstasjon og nytt tårn.
- Det var ikkje kvaliteten på flyplassen som var årsaka til den tragiske flyulukka i oktober i fjor, og krava til ny brannstasjon og nytt tårn har ingen samanheng med denne ulukka. Men dei økonomiske konsekvensane vart store. No er det å vona at storkunden Aker Kværner kjem tilbake, og at næringslivet i Stord og omlandskommunane vil halde fram å nytta flyplassen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Eigarane er samde om at den beste måten for å trygga drifta ved Stord Lufthamn er å få staten til å overta eigarskapen og innlemma flyplassen i det statlege kortbanenettet. Då vert det Avinor som får ansvaret for å finansiere naudsynte investeringar.