Industriverksemda Elkem satsar stort på solcelleproduksjon og har planar om å investere 2,5 milliardar kroner i ein ny fabrikk som kan gje opp til 200 nye arbeidsplassar. Etter planen skal den kome i Svelgen i nabofylket Sogn og Fjordane. No har Ålvik meldt seg på i kampen om den nye storsatsinga.
Som kjent har Elkem ASA bestemt å nedbemanna ved smelteverket Elkem Bjølvefossen AS og flytte hovuddelen av produksjonen til Island. I alt er 158 personar fast tilsette ved hjørnesteinsbedrifta i Ålvik. Produksjonsstopp er sett til februar 2008.
Ny optimisme
- Me fekk ingen konkrete lovnadar om ekstraordinære omstillingskroner frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) som monnar då statssekretærutvalet for Ålvik, Kvam herad, Hordaland fylkeskommune og Elkem Bjølvefossen møtest i Oslo 18. januar i år. No ligg alt til rette for å skapa ny vekst og ei ny hjørnesteinsbedrift i den hardt prøvde bygda, og Elkem har her eit flott høve til å erstatta det dei no legg ned, meiner Selsvold Nyborg.
Ho peikar på at dei største ressursane til Ålvik er ei sentral plassering, ledig arbeidskraft, samt hallar og infrastruktur på Bjølvefossen som er godt eigna til ein fabrikk. Fylkesordføraren støttar uttalane frå kvammaordførar Astrid Farestveit Selsvold som meiner at Elkem har eit særleg ansvar for å skape nye arbeidsplassar i Ålvik på bakgrunn av saka med smelteverket.
Med på laget
– Her står vi last og brast, kommunen og alle organisasjonane, dette er ein kamp vi skal ta saman. Vi skal i alle høve leggje til rette og stå med opne armar viss ein slik produksjon kan kome hit, uttala ordføraren i Kvam til NRK. Fylkesordføraren forsikrar at fylkeskommunen også er med på laget.
- Ein ekstra dimensjon til Elkem si miljøvennlege satsing på solcelleproduksjon ved å leggja fabrikken til Ålvik vil vera å trygga folk sine levekår og oppretthalda busetnaden i bygda, legg fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til.
Fylkesordføraren har skrive brev til styret i Elkem ASA for å støtta opp om Ålvik sitt kandidatur, med kopi til nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen og Kvam herad.