Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tek sterkt til motmæle mot dei grunnlause påstandane fremja i NRK Hordaland i dag tidleg der det vert hevda at fylkeskommunen skremmer og nektar utviklingshemma elevar å søkja på eit 4. eller 5. opplæringsår. Påstandane vart satt fram av fylkestingspolitikar Ingvild Hakestad (SV) og Tom Skauge i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU).
- Kvaliteten viktigast
- Det er viktigare å sjå på kvaliteten av den opplæringa som elevane får framfor omfanget. Elevar som har trong for meir opplæring får det, dersom den sakkunnige instansen (OT/PPT) tilrår det. Ingen blir nekta å søkje om utvida rett. Me er svært opptekne av å sikra kvaliteten på den opplæringa som blir gitt når eleven er i skulen. Difor har vi også strenge krav til planarbeidet og evalueringa av måloppnåinga som blir gjort for den einskilde elev, fastslår fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Funksjonsnivået til elevar som har søkt utvida rett etter § 3-1, 5. ledd i Opplæringslova varierar frå djupt utviklingshemma til elevar med generelle eller spesifikke lærevanskar. Per 8. mai var det motteke 48 søknadar for skuleåret 2007/2008, der 35 gjeld utvida rett til 4. året og 13 til eit 5. opplæringsår.
43 søknadar vart innvilga. Av dei fem sakene som har fått avslag, har to blitt handsama hos fylkesmannen kor ein har fått medhald og ein har fått avslag. Ein har anka og fått medhald etter ny handsaming i fylkeskommunen. To saker er ikkje anka.
Satsar på vekstbedrifter
- Målet med vidaregåande opplæring er studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på eit lågare nivå, meiner Selsvold Nyborg.
Ho syner til at Fagopplæringa i Hordaland satsar mykje på lærekandidatordinga for elevar som ikkje kan oppnå full fagkompetanse. I tillegg har Hordaland fylkeskommune for inneverande skuleår avtaler med 16 vekstbedrifter fordelt over heile fylkeskommunen, kor fylkeskommunen betaler for utplassering av elevane (t.d. Breistein industrier, Midtun verksteder, Meland arbeidssenter).
- På denne måten sikrar me at elevane får mykje av opplæringa i bedrift framfor berre i skulen. Me er ikkje kjent med at andre fylkeskommunar har tilsvarande ordning. Mange av elevane som er utplassert i bedrift finn seg til rette og ønskjer ikkje å søke om utvida rett, seier Selsvold Nyborg. Ho meiner Hakestad difor må tala mot betre vitande når ho hevdar at Hordaland er ein versting i klassen.
- Skauge sin påstand om at desse elevane vert systematisk motarbeida er total skivebom. Eg undrar meg også på hans påstandar om at elevar og foreldra er blitt skremt, fråråda eller i verste fall nekta å søkja for eleven. Dette må Skauge dokumentera, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Sikrar god sakshandsaming
Hordaland fylkeskommune har gjort mykje arbeid for å sikre ei god sakshandsaming av elevar som har trong for særskilt tilrettelagt opplæring i vidaregåande opplæring. Klåre retningsliner for korleis saker om utvida rett skal handsamast er utarbeidd og innført. Det er utarbeida felles mal for IOP og evalueringsrapport for elever i grupper med redusert elevtal.
Det er i alle regionane oppretta faglege nettverksgrupper for dei tilsette som arbeider i grupper med 4-6 elever. Fylkeskommunen har eigen fagdag for dei tilsette i gruppene. Det blir i desse dagar ferdigstilt rammeplanar for elevar i grupper med Kvardagsliv og arbeidstrening.