Fleirtalskoalisjonen Høgre, KrF og Frp vil løyva 1,5 millionar kroner til vøling av Moster gamle kyrkje når Fylkestinget handsamar revidert budsjett 2007 i Rosendal 12. og 13. juni.
- Moster gamle kyrkje er ein nasjonalskatt me må ta vare på, og no treng kyrkja sårt til ei reparasjon av fuktskadar innvendig og eit andletsløft utvendig. Difor prioriterar fleirtalskoalisjonen i Fylkestinget å løyve 1,5 millionar kroner frå overskotet i 2006, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).
- Staten må overta
Fylkesordføraren er klår på at løyvinga åleine ikkje er nok, men vonar at denne startkapitalen vil utløysa meir pengar både lokalt og ikkje minst nasjonalt.
- Moster gamle kyrkje er ein del av vår nasjonale arv, og er ei oppgåve Fortidsminneforeininga ikkje kan makta åleine. Staten bør inn og overta ansvaret for Moster gamle kyrkje, meiner Selsvold Nyborg.
Neste år er det også 25-årsjubileum for Mostraspelet, og då bør Moster gamle kyrkje ta seg langt betre ut enn i dag, legg fylkesordføraren til.