Jobbar for breiband til alle i fylket

- Hordaland fylkeskommune har fått 8,13 millionar øyremerkte statlege kroner og arbeidar for å få full breibandutbygging i heile fylket. Me er no i gang med arbeidet å få sendt avgarde søknadar til Høykom, seier fungerande strategi- og næringsdirektør Mat

I revidert nasjonalbudsjett for 2007 vart det stilt til disposisjon auka midlar til breibandsutbygging både som øyremerkte tilskot til fylkeskommunane og gjennom Høykom. På landsbasis er det sett av 155 millionar kroner til fylkeskommunane, der Hordaland fylkeskommune har fått tilsegn om 8,13 mill. kroner.

Dei kan vidare søkja om ekstra midlar frå dei 100 mill. kronene som er tildelt Høykom. Det er føresett at fordeling av desse midlane vert koordinerte, og at søknader frå fylkeskommunane vert prioriterte. Frist til Høykom er 6. august.

- I dag har me møte med kommunar og regionråd for å samkøyra våre søknadar til Høykom, og vonar me på denne måten kan få mest mogleg ut av desse pengane til å dekka dei kvite felta med manglande breibandsdekning i Hordaland, opplyser Torgersen.

Fylkesutvalet vedtok torsdag samrøystes kva kriterium ein skal vektleggja ved val av prosjekt.

Simon Sortland 22.06.2007 13:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart