Hordaland kan bli leiande på CO2-reinsing

Eit samla fylkesutval i Hordaland er glade for at Stortinget den 24. mai vedtok hovudprinsippa for Mongstadutbygginga med CO2-reinsing slik Regjeringa har kome med framlegg om i Stortingsproposisjon nr. 49.

- Fylkesutvalet understrekar i fråsegna me sender til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen at dei regionale og nasjonale forskings- og utviklingsmiljøa kan få ei leiande rolle i utviklinga av ny norsk kommersiell teknologi for reinsing av CO2. Regjeringa vert vidare beden om å budsjettera med naudsynte midlar i 2008 og vidare i åra frametter, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Fråsegna vedteken i fylkesutvalsmøtet 21. juni lyder slik:

”Fylkesutvalet i Hordaland har med glede motteke meldinga om at Stortinget den 24. mai vedtok hovudprinsippa for Mongstadutbygginga med CO2-reinsing slik Regjeringa har kome med framlegg om i Stortingsproposisjon nr. 49.

Mongstadutbygginga med CO2-reinsing er det viktigaste industriprosjektet på land i Hordaland på mange år, og utbygginga er ei svært viktig sak for heile fylket.

Særleg interesse knyter det seg til vedtaket om å gjera Mongstad til ein teststad for utvikling av ny norsk kommersiell teknologi for rensing av CO2. Kompetansemiljøa i regionen med Universitetet og Høgskolen i Bergen i spissen, er leiande samarbeidspartnarar i den regionale  utviklinga. Noko som også har betydning for heile landet. Dette prosjektet kan setja Norge i ein leiande internasjonal posisjon med tanke på betring av miljøet, og det kan framfor alt føra til at norske forskings- og utviklingsmiljø får ei leiande rolle i dette arbeidet. Dette er også i tråd med det stortingsfleirtalet ønskjer.
 
Fylkesutvalet ber om at Regjeringa tek omsyn til forskings- og utviklingsarbeidet i samband med budsjettarbeidet, og at det vert budsjettert med naudsynte midlar i 2008 og vidare i åra frametter.”

Simon Sortland 21.06.2007 12:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart