125.000 kroner i Kunstnarstipend

Kultur- og ressursutvalet delte tysdag 5. juni ut Hordaland fylkeskommune sitt Kunstnarstipend 2007. Kvart stipend er på 25.000 kroner og gjekk i år til keramiker Heidi Bjørgan, biletkunstnarane Trudi Jaeger og Kjersti Sundland, musikar Åse Teigland og ko

Det er fylkesorganisasjonar for dei ulike kunstgreinene som innstiller på grunnlag av søknadar som er komne inn.

I kategorien kunsthandverk kom det inn 14 søknadar der to kandidatar utmerka seg som nyskapande, nyfikne og som utnyttar sitt kunstneriske materiale og moglegheiter på utradisjonelle måtar. Stipendvinnar Heidi Bjørgan er keramikar med hovudfag keramikk frå Kunsthøgskolen i Bergen og Konstfack i Stockholm. Bjørgan er busett og har etablert verkstad i Bergen.

I grunngjevinga frå stipendkomiteen for NK-Vest-Norge heiter det mellom anna at Bjørgan held eit høgt kunstnerisk nivå med evne til å framstilla kunsthandverk på ein ny og utradisjonell måte. Ho har synt stor utstillingsaktivitet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Bjørgan ynskjer å bruka stipendet til arbeid og fordypning.

Teikning og digital kunst
Stipendvinnar Trudi Jaeger frå Bergen har gjennom ei årrekje arbeidd med eit svært personleg uttrykk innan teikning. Komiteen meiner hennar søknad er godt grunngjeven og at ho vil få eit kunstnarisk løft ved eit opphald i Austen.
Kjersti Sundland arbeidar innan ulike medier, men utnmerkar seg særleg med sine digitale verk.

Stipendkomiteen frå BKFH støtta hennar grunngjeving for kvifor eit opphald ved Harvestworks senter for elektronisk kunst i New York vil vere viktig for hennar vidare kunstnariske utvikling. Sundland er også frå Bergen.

Ny solo-CD
Musikaren Åse Teigland frå Utne bur i Bergen og arbeidar no som frilansmusikar. Ho kan syne til eit gull i NM i landskappleik, i A-klassa for hardingfelespel. Teigland har gjeve ut solo-Cden ”Dansarsteinen” og medverka på fleire andre utgjevingar, og opptrer ofte saman med gruppene Skrekk og Trio Hardanger. Ho har turnert med Rikskonsertane, The European Youth Folk Orchestra. Teigland har studert folkemusikk ved Høgskulen i Telemark og på Ole Bull Akademiet, samt har almennlærarutdanning frå Høgskulen i Bergen.

Kunstnarstipendet frå Hordaland fylkeskommune vil ho nytta til innøving av nytt repertoar, arbeid med innspeling av ny solo-CD og studiar av bogeteknikk.

Komponisten Torstein Aagard-Nilsen frå Radøy vart også innstilt av kultur- og idrettsavdelinga. Han vil nytta stipendet til å komponera vidare på klaversyklusen ”Syngande bilete”, som han skriv for pianisten Rune alver. Dei tek utgangsspunkt og har inspirasjon i måleri av utvalde biletkunstnarar frå Nordhordland. Han vil og arbeida med eit ukonvesjonelt verk for barn og unge som spelar i korps.

Aagard-Nilsen har hatt suksess med verk skrivne for brassband og samtidsmusikk framført av til dømes Bit 20 Ensemble, Music Factory og Ny Musikk Bergen. Han har levert fleire tingingsverk som er innspela på CD både her heime og i utlandet. Aagard-Nilsen har samarbeida med kjende musikarar som Aage Kvalbein, Ole Edvard Antonsen, Steven Mead, Jesper Juul Sørensen og Frode Amundsen.

Radøy-komponisten har også ein brei produskjon av sokalla bruksmusikk som til dømes arrangement for kor. Hovudgjerninga er komponistarbeidet, men både undervisning, instruksjon og dirigering står på timeplanen for radøyværingen utdanna frå Universitetet i Bergen og Bergen Musikkonservatorium.

81 søkjarar
Det kom inn 81 søknadar om kunstnarstipend. Søknadene fordelte seg på biletkunst 27, kunsthandverk 13, musikk/song 25, scenekunst/dans 5, forfattarar 5 og film 6. I følgje retningslinene kan stipendet nyttast som arbeids-, etterutdannings- eller reisestipend. Når det finst fylkesfemnande kunstnarorganisasjonar, skal desse ha rett til å gje tilråding for si kunstgrein. Tilrådinga skal vera grunngjeven.

Dersom søknadsmengda tillet det skal minst eitt av stipenda tildelast kunstnarar som er busette i Hordaland utanom Bergen kommune. Ut i frå søknadsmengda og tidlegare praksis vart det tilrådd å dela ut eitt stipend for kunsthandverk og to kvar til gruppene biletkunst og dei andre kunstgreinene.

Simon Sortland 07.06.2007 12:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart