Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune er sterkt uroa over at statstilskotet til rehabiliteringsarbeidet på Bryggen er vesentleg redusert dei siste åra.
I ei samrøystes fråsegn vedteke 5. juni 2007 og oversendt Miljøverndepartementet, oppmodar utvalet Regjeringa til å sikra vidare framdrift i restaureringsarbeidet og følgje opp stortingsvedtak frå 2005.
Fråsegna lyder slik:
”Rehabilitering av Bryggen må sikrast
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune er sterkt uroa av meldinga om at statstilskotet til rehabiliteringsarbeidet på Bryggen er vesentleg redusert dei siste åra.
Bryggen som verdsarv og nasjonalt levande kulturminne, er unikt og må sikrast.
Dette er i hovudsak eit nasjonalt ansvar.
Kultur- og ressursutvalet oppmodar difor Regjeringa om å sikra vidare framdrift i restaureringsarbeidet og følgjer opp Stortingsvedtak frå 2005.”