Fungerande fylkesordfører Tom-Christer Nilsen (t.v), eiendomssjef Helge Haavardtun og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld konstaterer at sopp- og råteskadene ved den eldste fløyen i Bergen Katedralskole er så omfemnande at den må stengast.
I samråd med ekspertar på området og eigedomsseksjonen i Hordaland fylkeskommune er det bestemt at den eldste delen av Bergen Katedralskole må gjennomgåast nærmare og rehabiliterast. Skadane er vidare av eit slikt omfang at ein i dag ikkje kan seie om ein kan rehabilitera bygget som det står, eller om det må byggjast nytt bygg.
- Difor kan vi ikkje seie nøyaktig når det vil bli opna for undervisning igjen. Uansett vil vi ta vare på fasaden her, seier Nilsen.
Mellombels brakkeløysing
Dei elevane som skal gå ved Bergen Katedralskole frå hausten av, vil framleis gå ved skulen. Dei vil bruka klasserom i den nyare delen. Samstundes vil det bli sett opp mellombelse klasserom her for den delen av undervisninga det ikkje er plass til i sjølve skulen.
Desse klasseromma vil vere brakkeløysingar som stettar alle krav til klasseromstorleik, arbeidstilhøve, ventilasjon og trådlaust nett for dei berbare datamaskinene som elevane i første klasse skal bruka frå hausten. Vaksenopplæringa vil også få mellombelse klasserom i skulegarden ved Tanks.
- Eg understrekar at alle 16-19 åringselevane vil få plass i ordinære klasserom ved Bergen Katedralskole. Administrasjon og vaksenopplæring vil bli lokalisert i mellombelse rom, legg Nilsen til.
Han fortel at dette er ein lite hyggeleg situasjon, men når den no er oppstått føler fylkeskommunen at det er viktig å ta tak i den umiddelbart. Det inneber å ta elevane bort frå eit bygg med råte og soppskadar, og straks gå i gang med å finna nye mellombelse og permanente løysingar.
Rektor Hans Peder Vibe (t.v) ved Bergen Katedralskole diskuterer dei mellombelse løysingane som vert gjort ved skulen med opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, eiendomssjef Helge Haavardtun og fungerande fylkesordfører Tom-Christer Nilsen.
Ikkje manglande vedlikehald
- Eg understrekar at dette ikkje er ein situasjon som skuldast manglande vedlikehald, men er grepet tak i så fort vi har blitt kjent med den. Skaden vart oppdaga ved rutinemessig gjennomgang i samband med anna vedlikehald.
- Omfanget av situasjonen vart først kjent for to dagar sidan, og eg vil gje ros til våre folk både her på plassen og i fylkesadministrasjonen, som i ein heitt byggmarknad har snudd seg rundt og organisert mellombelse løysingar og tatt dei naudsynte grep for å finna ei permanent løysing.
Nilsen meiner dette er ting som kan skje i gamle bygningar i ein by med mykje fuktigskap. Han skulle gjerne ha unngått dette, men når skaden først er skjedd er det viktig å gå til aksjon straks.

- Vi sjekkar tilsvarande bygg for eventuelle liknande skader. Eg gjentek at alle elevane som har fått plass ved Katten skal gå ved Katten til hausten. Vi synes det er ei betre løysing for elevane som har valt å gå her, enn å fordele dei til andre skular, avrundar fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Slik ser det ut i eldste fløyen i Bergen Katedralskole.
BT: Stenger Katten
BT: Katten-lærere må til helsesjekk
BA: "Katten" stenges etter råte- og soppfunn