- I samband med etableringa av eit nytt varmeanlegg på gamlebygget på Bergen Katedralskole er det konstatert sopproblemer. Me har gjort målingar på nokre rom, og rapporten stadfestar førekomst av helsefarlige soppkonsentrasjoner, seier drifts- og vedlikeh
Det er på deler av sydfasaden på den eldste bygningen ved Bergen katedralskule eigedomsseksjonen i Hordaland fylkeskommune har konstatert sopproblem. Straks problemet vart oppdaga, vart det sendt prøvar til Universitetet i Bergen. Helse-miljø- og tryggleiksavdelinga i fylkeskommunen vart orientert, og dei vil føreta helsekontrollar.
- Me vil vita meir om eit par-tre veker, og kan difor ikje seie noko sikkert om kvar tid dei aktuelle romma vil vere klare til å ta i bruk att. Det er i administrasjonsavdelinga dei aktuelle romma er. Me vil kome tilbake til dette når me har funne gode løysningar på problema, seier f drifts- og vedlikehaldssjef Roald Orvedal i Hordaland fylkeskommune.