Offentleggjer karakterutviklinga i vidaregåande skule

30 prosent av dei vidaregåande skulane, stort sett yrkesfaglege eller kombinerte skular, har eit høgare nivå på karakterane etter 1. klasse enn det elevane hadde i inntakskarakter. Det er ein av hovudkonklusjonane i Hordaland fylkeskommune sin rapport om

Rektor Bjørn-Kristian Jæger (t.v) ved Bergen Maritime videregående skole er veldig nøgd med resultata av undersøkinga. Her under utdelinga av Havnefogd Iversen og hustrus legat 2007 til Øystein Hjelle (Os), Martha Eidnes (Grimo), Stig Andre Brakstad (Frekhaug) og Per Arvid Høyum (Vangsnes) under skuleavslutninga. Legatet er på 5.000 kroner til kvar. Avdelingsleiar Anne de Lange (t.h).

- Det er interessant å sjå at det ikkje nødvendigvis er skulane med dei høgaste inntakskarakterane som gir elevane den beste karakterutviklinga, seier fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Måler utviklinga
Det er eit utval standpunkt- og  eksamenskarakterar for 1. klasseelevar som no blir gjort kjent, etter at fylkesadministrasjonen nyleg har ferdigstilt ein rapport om karakterane. Bakgrunnen for offentleggjeringa er at ein i fleire år har registrert ønske om dette i ålmenta.
 
Undersøkinga som ligg til grunn for rapporten er basert på faga norsk hovudmål skriftleg, norsk munnleg, engelsk skriftleg, matematikk og naturfag. Både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar er med i det statistiske materialet.

I tillegg har ein samanlikna karakterane med dei karakterane elevane hadde med seg frå grunnskulen (i dei same faga). Ein kan då få ein indikasjon på kor godt elevane utviklar seg i løpet av det første skuleåret i vidaregåande skule.

- Open framferd og innsikt er viktig for å gjøre skulen betre, uttalar Nilsen og leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide.
 
Hovudkonklusjonar
· Det er ein svak nedgang i karakternivået frå grunnskolen til 1. året i vidaregåande (0,13 karakterpoeng i gjennomsnitt).
· Det er markante - om ikkje dramatiske - variasjonar mellom dei vidaregåande skulane både med omsyn til gjennomsnittskarakter og når det gjeld karakterutvikling målt i høve til inntakskarakterar frå grunnskulen.
· 30 prosent av skulane, stort sett yrkesfaglege eller kombinerte skular, har eit høgare nivå på karakterane etter 1. klasse enn det elevane hadde i inntakskarakter.
· Nokre skular merkjer seg ut ved å ha eit karakternivå etter 1. klasse som ligg svært mykje over det elevane hadde frå grunnskolen: Vi nemner her Bergen maritime vgs., Austevoll vgs., Rubbestadneset vgs og Os vgs.
· Ei gruppe med skular (7 stk.) har eit klart lågare nivå på karakterane enn det ein skulle vente etter inntakskarakterane. Ein av dei private skulane har eit svært mykje lågare nivå.

BT: Karakterer bedres på distriktsskoler
AUD: Karakternivået i grunnskulen og den vidaregåande skulen (pdf) Korrigert 31.07.07.

Simon Sortland 11.07.2007 12:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart