- Denne veka har me fått nye prov på at rassikring må prioriterast høgare, og at dette i framtida ikkje berre vil vere eit problem i vinterhalvåret. Hordaland vil difor igjen understreka si støtte til Den Nasjonale Rassikringsgruppa som krev 1 milliard kr
Fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen syner til oppslaga i media om stengde vegar og jernbaneliner grunna ras. Seinast i dag vart Rv 520 stengd på grunn av ras. Vegen er stengd ved Ekkjeskaret mellom Breiborg og Røldal for køyrety med totalvekt over 3.5 tonn grunna raset i dag.
Dalseidtunnelen mellom Voss og Trengereid opna igjen etter å ha blitt stengd då ein stein raste ned i vegbana onsdag kveld. Bergensbanen stengte tysdag kveld, då det hadde gått eit stort jord- og steinras vest for Flå ved Hei i Hallingdal.
Trygge vegar om 60 år
- Etter mykje nedbør og store temperaturvariasjonar kan rasfaren vere stor. Med dei klimaendringane me ser føre oss vil dette berre verta eit aukande problem, og ikkje berre i vinterhalvåret slik me har vore vane med fram til no. Føl regjeringa opp Den Nasjonale Rassikringsgruppa sitt krav om 1 milliard kroner i året i rassikringsmidlar, vil me få ei tilfredsstillande rassikring i løpet av 20 år. Det er for lang tid, meiner Nilsen.
Han syner til at dette, i tillegg til fare og utryggleik, kostar samfunnet store beløp i transportkostnadar. Med dagens løyvingsnivå på 300 millionar kroner i året for heile landet, vil det ta 60 år før me kan ferdast nokolunde trygt langs riks- og stamvegar. Nilsen meiner regjeringa si rassikringssatsing er ei bompengesatsing.
- Løyvingane ligg stille. Rassikring må verte eit større satsingsområde i Nasjonal Transport Plan (NTP). Hordaland fylkesting og fylkesutval, samt Vestlandsrådet, har i tidlegare vedtak gått inn for ei større satsing på rassikring. Folk skal kunne ferdast trygt på skule- og arbeidsveg, understrekar fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.