- Hordaland fylkeskommune gratulerar L. Rødne & Sønner AS med dåp av nye MS Rygerfonn i dag, helsar fungerande fylkesordførar Tom–Christer Nilsen.
MS Rygerfonn heiter den nye båten som 25. juni vart sett inn i ruta som Hordaland fylkeskommune oppretta mellom Rosendal-Os-Bergen frå 1. januar i år. Passasjertala har snart runda 10.000. Den vert i dag døypt i Rosendal med direktør på Solstrand Hotel, Børrea Schau-Larsen, som gudmor. Etter dåpen vert inviterte gjester med på ein sightseeing på om lag 3 timar ut frå Rosendal.
Explore Hardangerfjord
MS Rygerfonn, som erstattar MS Rygerkongen i Rosendalsruta, har plass til 97 passasjerar. Marsjfarten ligg rundt 35 knop. Båten frå Brødrene Aa i Hyen er smakfullt innreia. Det er lagt vekt på at det skal vera god plass både innandørs og på dekk. Ruta vert driven av L. Rødne & Sønner AS. Den inngår som ein viktig lekk i prosjektet Explore Hardangerfjord, som Hordaland fylkeskommune gjennomførar saman med Reisemål Hardanger Fjord AS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Lengre sesong
Prosjektet, som har ein kostnadsramme på 4.600.000, har som målsetting å føra til sesongforlenging i Hardanger og indre del av Sunnhordland. Båtruta Bergen-Os-Rosendal og ruta Norheimsund-Utne-Lofthus-Kinsarvik-Ulvik-Eidfjord, som frå denne sommaren er utvida til å gå i 5 månader, er særs viktige element i denne satsinga.
Den fylkeskommunale deltakinga på 3,3 millionar kroner vert finansiert gjennom ordninga med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift. Den nye ruta Rosendal-Os-Bergen har synt gode tal. Ved utgangen av mai hadde 7.127 nytta ruta.