Hordaland krev meir pengar til rassikring

Hordaland støttar Den Nasjonale Rassikringsgruppa sitt krav om 1 milliard kroner i året i rassikringsmidlar. - Dette vil bety at tilfredsstillande rassikring vil vere ferdig i løpet av 20 år. Det er for lang tid, og må vere eit minstekrav i neste NTP, sei

På denne årstida kan rasfaren vere stor, etter mykje nedbør og store temperaturvariasjonar. Berre i dag, tysdag, er sju viktige vegstrekningar i landet stengt på grunn av ras eller rasfare.
- I tillegg til fare og utryggleik, kostar dette samfunnet minst 25.000 kr per time i transportkostnadar, i følgje tal frå Møreforskning lagt fram på dagens raskonferanse i Oslo, opplyser Nilsen.

Trygge vegar om 60 år
Han held fram at med dagens løyvingsnivå på 300 millionar kroner i året for heile landet, vil det ta 60 år før vi kan ferdast nokolunde trygt langs riks- og stamvegar i vinterhalvåret. Regjeringa si rassikringssatsing er ei bompengesatsing. Løyvingane ligg stille, seier han.
- Vi står no føre rullering av Nasjonal Transport Plan (NTP). Rassikring må vere eit av satsingsområda i denne. Hordaland fylkesting og fylkesutval, samt Vestlandsrådet, har i tidlegare vedtak gått inn for ei større satsing på rassikring. Folk skal kunne ferdast trygt på skule- og arbeidsveg, understrekar fylkesvaraordførar Nilsen.

Simon Sortland 31.01.2007 07:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart