Informasjonsmøter
- Kort fortalt er Aktiv ungdom EU sitt ungdomsprogram som støttar prosjekt for ungdom mellom 13 og 30 år, samt dei som jobbar med ungdom. Vi gir deg sjansen til å jobba friviljug i utlandet, bli kjent og samarbeida med ungdom i andre land, og laga eigne prosjekt, opplyser Barbara Harterink ved Europakontoret i Hordaland fylkeskommune.
Det vert arrangert to møter i Bergen onsdag 14. februar. Det første er for kulturkontora og andre ungdomsarbeidarar i U1880, Domkirkegaten 4, kl. 11.00-14.00. På programmet står Aktiv ungdom - moglegheiter for ungdom og dei som jobbar med ungdom. Det vert møte med ungdom og vaksne som har gjennomført prosjekt, samt gruppearbeid om prosjektidear om kva de kan bruka Aktiv ungdom til.
Ungdom og ungdomsorganisasjonar er invitert til Hordaland Barne- og ungdomsråd, Vågsallmenningen 12, frå klokka 17.30. Programmet omhandlar korleis Aktiv ungdom gir ungdom moglegheiter, i møte med ungdom som har gjennomført prosjekt. Vidare vert det idémyldring om prosjekt som gir deg moglegheiter.
Europeisk samarbeid
EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring videreførast under namnet Aktiv ungdom. Programmet gjeld for perioden 2007-2013. Aktiv ungdom liknar mykje på Ung i Europa-programmet, men målgruppa er utvida og gjeld ungdom frå 13-30 år. Unge med spesielle behov er som tidlegare ei prioritert gruppe i heile programmet.
Ein ny gruppeaktivitet er gruppeutveksling, ungdomsinitiativ og demokratiprosjekt. Vidare er det individuell volontørteneste og volontørteneste for grupper. Samarbeid innan det utvida EU, EU sine naboland, samt øvrige land. Opplæring for ungdomsarbeidarar og ungdomsleiarar. Programmet gir også stønad til europeisk samarbeid på ungdomsområdet.
Målsettingar er å fremje ungdomen sitt medborgarskap, deltaking og samfunnsengasjement. Å styrkje ungdomen sin internasjonale forståing, toleranse og solidaritet. Vidare å styrkje ungdomsarbeidet i Europa og bidra til auka europeisk samarbeid på ungdomsfeltet. Støtte ungdomen si deltaking og forbetre kapasiteten i dei friviljuge organisasjonane som arbeidar på ungdomsfeltet. Ein annan viktig målsetnad er å fremje europeisk samarbeid innan ungdomspolitikk.
Er du interessert i å bruke programmet?
Europakontoret er regional koordinator for programmet og hjelper til med nettverk, råd og rettleiing og er ein stor sendarorganisasjon i programmet. Ta kontakt med Barbara.Harterink@post.hfk.no, tlf 55 23 95 33, for meir informasjon.
Meld deg på innan måndag 12. februar 2007 til Gro.Jensen@post.hfk.no, Europakontoret, Hordaland fylkeskommune, tlf: 55 23 93 06. Søknadsfristane er dei same som før: 1. februar, 1.april, 1. juni, 1. september og 1. november kvart år. Neste søknadsfrist i Aktiv ungdom er 1. april 2007.