18 mill. kroner til brannsikring og inneklima

Sju vidaregåande skular har fått 9.420.000 kroner til tiltak for å betra brannsikringa og inneklimaet.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes å fordela 9.420.000 kroner til inneklimatiltak, nyanlegg og brannsikring ved dei vidaregåande skulane Langhaugen, Stend, Slåtthaug, Bergen maritime, Norheimsund, Austrheim og Voss jordbrukskule. For 2007 er det budsjettert med 18 millionar kroner til brannsikring og inneklimatiltak. Det er tidlegare i år ikkje løyvd midlar til dette.

Nytt ventilasjonsanlegg
Mesteparten av løyvinga på 9,4 mill. kroner går til nytt ventilasjonsanlegg, kostnadsrekna til 7.750.000 kroner, på Langhaugen vidaregåande skule. Ved å installera nye balanserte ventilasjonsanlegg vil ein kunne dekkje både krav til luftmengder og CO2- innhaldet i lufta. For å få godkjent skulen etter ”Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular” måtte noko gjerast med luftutskifte i skulen.

Det må difor monterast nytt balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. For å få kontroll over temperaturreguleringa i bygget, må det monterast ny automatikk på varmeanlegget og tilkoplast SD-anlegg (sentral driftskontrollanlegg.)

Arbeidet med å fornya ventilasjonsanlegga og installera ny automatikk og SD-anlegg ved skulen er delt i fire sjølvstendige fasar, og er tenkt utført over fire år. I fylkesutvalsmøte 31.03.05 vart det løyvd 1.650.000 kroner til fase 4 og i fylkesutvalsmøte 26.11.06 vart det løyvd 6.750.000 kroner til fase 2. Dette arbeidet er utført og anlegga er i drift. Arbeidet  med fase 1 vil vera avslutta ved årsskiftet 2007/2008.

Nytt varslingsanlegg
Ved Stend vidaregåande skule er det naudsynt å byta ut brannvarslingsanlegget. For å stetta brannvesenet sine krav til røming frå 2.etg. må ein og montera utvendige ståltrapper på begge gavlveggane og montera rømingsdørar frå korridor til desse trappene. Dette er kostnadsrekna til 450.000 kroner.

Diverse brannsikringstiltak ved Slåtthaug vidaregåande skule er kalkulert til 200.000 kroner. Utskifting av brannvarslingsanlegget på Bergen maritime vidaregåande skule må skiftast ut då utstyr og sentral ikkje kan reparerast. Kostnaden er sett til 370.000 kroner. Norheimsund vidaregåande skule får 100.000 kroner til utskifting av sentralen i brannvarslingsanlegget.

Full brannsikring
Ei brannteknisk vurdering av Austrheim vidaregåande skule avdekka fleire feil og manglar på bygget. Mellom anna bør det skiftast ut om lag 15 vindauge knytta til ein av rømingsvegane på skulen. Desse må erstattast med brannklassifisert glass. Andre tiltak er generell branntetting på bygget i tilegg til at ein del av naudlysanlegget må utbetrast. Kostnaden er kalkulert til 200.000 kroner.

Voss jordbruksskule har fått pålegg om full brannsikring av driftsbygning innan 1. januar 2007, og eksisterande anlegg må difor utvidast. Brannalarmsentral i administrasjonsbygget er defekt og delar kan ikkje lenger framskaffast. Sentralen må derfor skiftast ut, og arbeidet er kostnadsrekna til 350.000 kroner.

Simon Sortland 23.02.2007 13:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart