Innstillinga vart vedteken med 10 røyster mot 5 røyster (V, SV, Sp og KrF) for Harald Hove sitt fellesforslag. Harald Hove sette fram slikt forslag på vegner av V, SV og Sp: ”Fylkesutvalet viser til Hordaland fylkeskommune sitt engasjement i prosjekt og prosessar som har som mål å skape utvikling i Odda, og ser positivt på at Odda kommune gjennom eit omfattande reguleringsplanarbeid for smelteverkstomta langt på veg har lagt rammene for ei framtidig positiv utvikling av området.
Fylkesutvalet viser til at smelteverkstomta er eit miljø med internasjonal kulturminneverdi som er aktuell som norsk nominasjon til UNESCO si verdsarvliste, og understrekar at kulturminne må vektleggjast som premiss for planen. For å sikre kulturminna bør det utarbeidast meir eintydige arealbruksføremål og føresegner i planen. Dei elementa som er naudsynte for vern av kulturmiljøet Odda smelteverk må regulerast som spesialområde med føremål bevaring.
Vegløysinga i planen er i konflikt med omsynet til internasjonale og nasjonale kulturminneverdiar og bør omarbeidast i tråd med fråsegn gjeve av Hordaland fylkeskommune. Fylkesutvalet rår til at kommunen nyttar stadanalyse i tråd med Riksantikvaren si tilråding før planen blir vedtatt. Fylkesutvalet fremjar motsegn til planforslaget grunna konflikt med nasjonale kulturminneinteresser. Fylkesutvalet ber fylkeskommunen prioritere dialog med Odda kommune slik at ein unngår unødig forsinking av planarbeidet.”
Kostnadsauke for rassikringsprosjekt i Hordaland
Den samla kostnadsauken på Rv13 Ulvundsøyne i høve til tidlegare kostnadsoverslag vil bli på om lag 57 mill. kr. For prosjektet Rv 13 Brimnes-Bugjelet viser nytt kostnadsoverslag ein kostnadsauke på om lag 43 mill. kr.
For å halde seg innanfor tidlegare fastsett ramme er det lagt opp til ei stegvis utbygging av prosjektet. Det er no lagt opp til utbygging av dei mest rasutsette partia innanfor ei kostnadsramme på 97,4 mill. kr. Framtidige konsekvensar av kostnadsauken på dei to aktuelle rassikringsprosjekta vil vere avhengig av dei økonomiske rammene for komande statlege riksvegløyvingar, samt fylkestinget sine hovedprioriteringar innanfor fylkesfordelt ramme.
Fylkesutvalet tek samrøystes opplysningane om kostnadsauke på rassikringsprosjektet Rv13 Ulvundsøyne til orientering, og går inn for at prosjektet vert gjennomført som tidlegare føresett. Fylkesutvalet tek opplysningane om kostnadsauke på rassikringsprosjektet Rv13 Brimnes-Bugjelet til orientering, og går inn for at prosjektet vert realisert gjennom stegvis utbygging. Det vert føresett at det første byggesteget Bugjelet-Brimnes vert realisert innanfor tidlegare samla kostnadsramme for rassikringsprosjektet.
Bjørn Lothe (SV) føreslo tillegg i pkt. 2: ”Andre byggesteg skal realiserast så snart som mogeleg, føre Hardangerbrua står ferdig.” Lothe sitt forslag fekk 2 røyster (SV) og fall.
Bompengar skal ikkje finansiera drift av kollektivtrafikk
Fylkesutvalet er usamd i at bompengeinntekter skal kunne nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikken.
Fylkesutvalet ser dette som eit offentleg ansvar. Dette er også i tråd med fylkestinget si handsaming av ”Transportanalyse for Bergensområdet 2010-2030”, 29.mars 2007, der eit forslag med m.a. følgjande ordlyd ikkje vart vedteke: ”For å gjennomføre ei slik satsing går fylkestinget inn for at inntekter frå trafikantbetaling og kan nyttast til å finansiere drift av kollektivtransporttilbodet.”
Dette kom fram under handsaminga av endring i Veglova § 27 - bruk av bompengar tiltak for drift av
kollektivtrafikk.
Harald Hove (V) sette fram slikt forslag på vegner av V, A, Sp og SV: Fylkesutvalet ser det som nødvendig med vidare trafikantbetaling og lokal delfinansiering for gjennomføring av den transportpolitiske satsinga i Bergensområdet. Fylkesutvalet ser det som positivt at det i utforminga av den lokale transportpolitikken, gjennom forslag om endring i veglova §27, no vert opna opp for at bompengeinntekter og kan nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikken.”
Innstillinga vart vedteken med 8 røyster mot 7 røyster (V, A, Sp, SV) for Hove sitt fellesforslag.
Godkjende forskottering av av Rv569 Dalseid-Eidslandet
Fylkesutvalet godkjende mot to røyster (SV) at Vaksdal kommune får løyve til å forskottere 10 mill. kr til forskottering av omlegging av Rv569 på Eidslandet.
Fylkesutvalet godkjenner at den statlege løyvinga på 5 mill. kr i finansieringsopplegget vert innfridd med å låne 5 mill. kr frå det statlege tilskotet til Jondalstunnelen på 30 mill. kr, og at dette beløpet vert tilført Jondalstunnelen seinast i 2010.
Tidspunkt for refusjon av forskotteringa vert fastsett i samband med handsaming av handlingsprogrammet for NTP 2010-2019. Forskotteringa vert refundert uten renter eller kompensasjon for prisauke.
Bjørn Lothe (SV) fremja slikt forslag: Fylkesutvalet ser dette vegprosjektet som eit nyttig og føremålstenleg tiltak for lokalsamfunnet, men føreset at det vert finansiert gjennom statlege løyvingar til verna riksvegar i årsbudsjettet for 2009. Det forslage fekk 2 røyster (SV) og fall.
Oppgradering av terminalområder
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å løyva 220.000 kroner for fullfinansiering av utgreiingsprosjektet om oppgradering av terminalområdet på Bystasjonen/Nonneseter.
Fylkesutvalet ser det som viktig i utviklinga av eit framtidsretta kollektivtilbod å få utarbeidd eit felles plangrunnlag for trinnvis oppgradering av terminalområdet på Nonneseter og Bystasjonen i Bergen sentrum.
Ekspressrute Bergen-Oslo
Fylkesutvalet tildelte samrøystes Tide Reiser AS og Telemark Bilruter AS ruteløyve for ekspressbussrute på strekninga Bergen–Kvanndal-Utne-Odda-Seljord-Bø-Oslo.
Fylkesutvalet godkjenner omsøkte takstar og ruteplan. Rutetilbodet skal vere tilgjengeleg for personar med redusert funksjonsevne, anten ved tilpassing av vognmateriellet, eller ved å ha eit serviceopplegg som ivaretar denne gruppa sitt behov. Løyve gjeld i 10 år frå den datoen det vert utferda.
"Folgefonna og fjordbygdene" i sluttspurten
Fylkesutvalet løyvde samrøystes 150.000 til bokprosjektet ”Folgefonna og fjordbygdene” for 2007.
Tom-Christer Nilsen sette fram slikt forslag på vegner av H, KrF og Frp: Fylkesutvalet understrekar at det ikkje vil bli gjeve midlar utover dette. Fylkesutvalet føreset at eventuelt overskot vert tilbakeført til prosjektet.” Dette vart samrøystes vedteke. Magnar Lussand (Sp) fremja forslag om å tilrå søknaden frå Universitetet i Bergen, Bergen Museum – De kulturhistoriske samlingar om ei løyving for 2007 på kr 350.000. Lussand sitt forslag fekk 7 røyster (Sp, V, SV, A) og fall.
Arbeidet med bokprosjektet "Folgefonna og fjordbygdene"er no inne i den avgjerande fasen. Målsettinga for produksjonsplanen er at boka skal vera ferdig innan 1. november 2007. Boka blir på om lag 400-450 sider i fargetrykk, av same format og standard som Kulturhistorisk Vegbok og Naturhistorisk Vegbok. Prosjektet har ei brutto kostnadsramme på kr. 4.550.000.
I budsjettet ligg det også inne kostnader med omsetting av boka til engelsk. Dette er tenkt finansiert ved tilskot frå Universitetet i Bergen, dei fem kommunane, kommunale konsesjonskraftmidlar, Norsk Kulturråd, forlaget Nord 4 og sponsormidlar. Det er budsjettert med eit tilskot på kr 400.000 frå Hordaland fylkeskommune. Fylkesutvalet i Hordaland løyvde kr 50.000 til dette prosjektet i 2006.
Godkjende konsekvensutgreiing for E39 Rådal-Sørås
Fylkesutvalet legg samrøystes til grunn at konsekvensutgreiing for E39 Rådal-Sørås er tilstrekkeleg utgreidd i høve til utgreiingsprogrammet og kan godkjennast.
Fylkesutvalet tilrår mot 1 røyst (SV) at reguleringsplanen for eit av alternativa B1 eller B2 vert godkjent. Harald Hove (V) føreslo at B1 eller B2 i kombinasjon med K1 vert godkjent. Hove sitt forslag fekk 4 røyster (V, Sp, SV) og fall.
Bjørn Lothe sette fram slikt forslag til endra pkt. 2: ”Fylkesutvalet tilrår at alternativ K2 vert lagt til grunn for det vidare arbeidet – som lekk i snuoperasjonen frå bildominert til meir kollektivbasert trafikksystem i Bergen”.
Fylkesveg vert kommunal
Fylkesutvalet godkjende samrøystes at den gjenståande del av Fv 84 på Uggdalseidet i Tysnes kommune vert omklassifisert til kommunal veg.
ANDRE SAKER:
Nærare utgreiing av ferjesambandet Jondal-Tørrvikbygd
Magnar Lussand (Sp) tok opp att saka om ferjesambandet Jondal-Tørrvikbygd han fremja i junitinget.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å oversende saka til samferdselsutvalet for nærare utgreiing av
praktiske, økonomiske og avtalemessige tilhøve.
Selde parkeringsareal på Sævråsvåg
Fylkesutvalet godkjenner samrøystes at Nils Olav Sæverås får kjøpe 175 m² av oppstillingsplassen til den nedlagde ferjekaia på Sævråsvåg (Fv 396) som grensar opp mot eigedomen hans for kr. 25.000.
Søkjer statleg kollektivstøtte
Fylkesutvalet søkjer Samferdselsdepartementet på ordninga med støtte til betre kollektivtransport i distrikta innanfor følgjande tiltak: Tiltak 1: tinging av skyss til/frå knutepunkt/haldeplass for regionale ruter. Tiltak 2: tinging av skyss til/frå kommunesenter. Tiltak 3: tinging av skyss for ungdom. Tiltak 4: tinging av skyss for frivillige organsisasjonar. Fylkesutvalet legg til grunn for søknaden eit statleg tilskot på 1 mill. kr pr. år i ein treårs-periode til gjennomføring av dei aktuelle tiltaka. Det resterande tilskotsbehovet på inntil 1 mill. kr pr. år vert føresett dekka av fylkeskommunale midlar.
Deltek på Kollektivtrafikkens dag
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å kjøpe deltakarpakke i årets Kollektivtrafikkens dag.
Høyringsuttale om endring i finansieringsansvaret for opplæring i barneverninstitusjonar
Fylkesutvalet sluttar seg samrøystes til departementet sitt framlegg om lovforslag om endring i finansieringsansvaret for opplæring i barneverninstitusjonar – opplæringslova § 13 – 2. Endringa inneber at fylkeskommunen der institusjonen ligg, har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge er busett, etter satsar fastsett av departementet.
Varsling etter arbeidsmiljølova
Joril Christensen (Ap) sitt framlegg om å senda saka til administrasjonsutvalet vart samrøystes vedteke.
Godkjende årsmelding og rekneskap for Skrivekunst-akademiet i Hordaland
Som representantskap godkjenner fylkesutvalet samrøystes årsmelding og rekneskap 2006 for Skrivekunst-akademiet i Hordaland.