”Fylkesutvalet har merka seg at kollektivreisande i Nordhordland/Osterøy er sterkt misnøgde med rutetilbodet også etter 20. august. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen ta initiativ til følgjande:
1. Ein dialog med Tide for å få gjenoppretta direkterutene frå Osterøy til Bergen i tråd med rutetabellen frå før 1. mai 2007.
2. Ein vidare dialog med Tide og pendlarforeiningane med sikte på å gjere dei naudsynte andre endringar i ruteopplegget.
3. Fylkesutvalet ber også om at rutetilbodet frå før 1.5 brukast som utgangspunkt i utarbeidinga av anbodsgrunnlaget.
Positive til fleirbrukshall i Dale
Vaksdal kommune har søkt fylkeskommunen om 2 mill. kr. i utviklingsmidlar til fleirbrukshall i Dale. Det er planlagt å nytte delar av den tidlegare kraftstasjonen Dale I til kulturaktivitetar, og knyte dette saman med ein ny idrettshall som er planlagt bygd i tilknyting til den gamle kraftstasjonsbygninga.
Fylkesutvalet er positiv til Vaksdal kommune sin søknad om midlar til ein fleirbrukshall i Dale. Då regionale utviklingsmidlar for 2007 er tildelt, vil fylkesutvalet vurdera søknaden i samband med tildeling av regionale utviklingsmidlar for 2008. Framlegget frå Terje Søviknes på vegne av Frp, H og Krf vart samrøystes vedteke.
Totalkostnaden er sett til 34 mill., og av dette er 29 mill. kr. finansiert, inklusiv 7 mill. kr. i tippemidlar. Kommunen vil sjølve bidra med 10 mill. kroner. 5 mill. kr. er ikkje finansiert, inklusiv dei 2 mill. som det vert søkt fylkeskommunen om i regionale utviklingsmidlar.
Går for 300 nye fritidsbustader i Bavallen
Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande vedrørande kommunedelplan for Bavallen i Voss kommune: Voss kommune sitt forslag til kommunedelplan for Bavallen er i hovudsak i samsvar med fylkesplanen der reiseliv og sportsturisme er eit satsingsområde. Fylkesutvalet har ingen merknader til konsekvensutgreiinga.
Fylkesutvalet rår til at kommunen skjerpar rekkefylgjekrav slik at godkjent reguleringsplan for ny/utbetra fylkesveg til Bavallen er ein føresetnad for alle tiltak i Bavallen. Fylkesutvalet rår til at utbygging skjer etter alternativ 1 (300 einingar). Dette av omsyn til landskapskvalitetane i dei høgareliggande områda opp mot Tråstølen. Hordaland fylkeskommune ber kommunen justera føresegner til kommunedelplanen slik at forslag om avbøtande tiltak for landskap og kulturminne i konsekvensutgreiinga vert innarbeidd som juridisk bindande føresegner.
På bakgrunn av målsettinga om at Voss skal vere leiande i Nord-Europa innan berekraftig natur- og kulturbasert reiseliv vil fylkesutvalet tilrå at kommunedelplanen: Fokuserer sterkare på estetikk og byggeskikk i samband med utbygging av nye reiselivstiltak. Legg til rette for redusert energibruk og bruk av fornybare energikjelder ved bustadbygging/fritidsbustader. Sikrar ivaretaking av vegetasjon og gode grønstrukturar i byggeområda. Fylkesutvalet ber om at det tydeleg vert stilt plankrav i alle nye byggeområde. Fylkesutvalet tek atterhald om byggeområda i planen inntil undersøkingsplikta i kulturminnelova er oppfylt (§ 9).
Tiltår godkjenning for Timberdalen
Osterøy kommune har sendt eit forslag til reguleringsplan for Timberdalen, Valestrandsfossen på offentleg høyring. Planføremålet er i samsvar med overordna plan. Planforslaget omfattar 20 bustadeiningar i eit område avsett til utbygging i kommuneplanen. Forma på bygningsmassen vil verka privatiserande i strandsona og forringa eit regionalt verdifullt og heilskapleg kulturmiljø.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande: Fylkesutvalet er nøgde med at bustadeiningane i planen har livsløpstandard og universell utforming, men ber om at arkitektonisk utforming passar inn i eksisterande miljø.
Fylkesutvalet rår til at planforslaget vert godkjend under føresetnad av at felles kaiområde vert gjort ålment tilgjengeleg og at naturinngrepa vert gjort så skånsamt som mogeleg.
To punktmotsegner til kommunedelplan for Leirvik
Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande fråsegn til kommunedelplan Leirvik i Stord kommune:
Høyringsforslaget til kommunedelplan for Leirvik samsvarar i stor grad med regional politikk. Planforslaget viser svært positive grep når det gjeld universell utforming, tilrettelegging for strandpromenade gjennom planområdet, og å legge estetiske føringar for sentrumsutviklinga. Kommunen si positive satsing på helse og friluftsliv, med kartlegging av grøntareal og friluftsområde, bør følgast opp i føresegnene slik at gjennomgåande grønstruktur vert sikra i detaljplanlegginga. Dette gjeld særleg innan sentrumskjerna og overgangane ut mot kringliggande friområde og friluftsområde.
For at næringsarealet langs Sævegen skal stette opp om ei positiv sentrumsutvikling og ikkje opnast opp for same type arealkrevande næringsverksemd som på Heiane, må føresegnene skildre kva type verksemd som ikkje skal tillatast innanfor føremålet. Konsekvensvurdering av arealbruken er naudsynt. Ikkje vedtekne vegtrasèar- og anlegg (mogleg ferjekai) må visast som illustrasjonar i plankartet og ikkje som juridisk bindande. Det er knytt motsegn til dette punktet. Alle freda kulturminne må visast som bandlagt areal på plankartet. Det er knytt motsegn til dette punktet. Konsekvensutgreiinga for kulturminneinteresser er ikkje oppfylt. Hordaland fylkeskommune tek atterhald om utbyggingsområda i planen inntil undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminneloven er oppfylt.
Tilrår kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy
Fylkesutvalet tilrår samrøystes at det framlagde planprogrammet for kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy i Kvinnherad vert godkjent.
Utviding av kapasitet på Kollsnes og nytt gasseksportrøyr
Fylkesutvalet vedtok mot 3 røyster (SV og V) følgjande fråsegn: Trollutbygginga har vore svært viktig for utviklinga av Hordaland som petroleumsfylke og fylkesutvalet i Hordaland ser positivt på at Troll Videreutvikling vil skape ytterlegare aktivitet og inntekter til regionen. Aktiviteten på Troll A og Kollsnes har stor innverknad på regional kraftforsyning, og det er difor viktig at endringar som følgje av Troll Vidareutvikling får ei grunding utgreiing både når det gjeld forbruksprognosar og kraftoppdekking.
Naudsynt forsterkingar i nett og /eller lokal kraftproduksjon må tydeleg gå fram av konsekvensutgreiinga. Fylkesutvalet er nøgd med at samtlege alternativ for Troll Videreutvikling baserar seg på at gass og olje vert ført til Hordaland for bearbeiding før vidaretransport til kontinentet eller Storbritannia. På denne måten vil størst mogeleg del av verdiskapinga frå petroleumsaktiviteten i Nordsjøen kome Noreg og Vestlandet til gode også over tid.
100.000 kroner til Euro 08
Fylkesutvalet løyvde samrøystes 100.000 kroner til Norges Håndballforbund Region Vest.
80.000 går til å arrangere innleiande gruppespel i Euro 08 og 20.000 til å gjennomføre spelerunde for laga med utviklingshemma under Euro 08. I tillegg vert det sett av kr 25.000 til å invitere ei gruppe frå Thüringen i samband med Euro 08.
75.000 kroner til TV-aksjonen
Fylkesutvalet løyvde samrøystes 75.000 kroner i driftsstøtte til TV-aksjonen 2007. Årets TV-aksjon er tildelt UNICEF Norge. Aksjonen "Sammen for barn" skal gjennomførast i strategisk samarbeid med Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité og Right To Play. Inntektene frå TV-aksjonen går til barn råka av hiv/aids. Prosjekta skal i hovudsak gjerast i Mosambik, Malawi, Zimbabwe, Zambia, Uganda, Ukraina, Jamaica og Vietnam.
Søknader om tilskot frå organisasjonane Blålys – Landsforeningen for seksuelt misbrukte og Dyrebeskyttelsen Norge avd. Hordaland vart ikkje imøtekomne.
Ein ny klasse, 4,5 klassar nedlagt
Etter at 2. inntaksomgang til vidaregåande skular er ferdig viser det seg at nokre klassar må leggjast ned på grunn av lågt søkjartal, eventuelt opprettast på grunn av høgt søkjartal. Dette er justeringar som var venta, men der søkjargrunnlaget ikkje var sikkert nok for å gjere vedtak om endringar i klassestrukturen tidlegare.
Totalt sett er klassetalet ved dei ulike skulane svært godt tilpassa søkjargrunnlaget. I denne saka blir det gjort framlegg om å opprette 1 klasse, og leggje ned 4,5 klassar. Det gjev ein nedgang i totalt elevtal på 66 elevar.
Frå hausten 2007 har desse endringane ein samla innsparing på kroner 1 790 000.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande klasseendringar:
|
2.inntaket august 2007 |
|
|
|
|
|
|
Oppretting/nedlegging |
Års- |
|
|
|
|
|
|
Tal kl. |
Elevar |
Prg.omr. |
steg |
Kode |
Kurs |
Org.sted |
Skolenamn |
Sum |
|
0,0 |
-15 |
ST |
VG1 |
STUSP1---- |
Studiespesialisering |
646 |
Fyllingsdalen vgs |
-150 000 |
|
-1,0 |
-12 |
RM |
VG2 |
RMRFG2---- |
Resturantfag |
639 |
Årstad videregående skole |
-410 000 |
|
-1,0 |
-12 |
RM |
VG1 |
RMRMF1---- |
Restaurant og matfag |
639 |
Årstad videregående skole |
-410 000 |
|
1,0 |
15 |
FO |
VK II |
8343 |
Teikning/form farge |
639 |
Årstad videregående skole |
410 000 |
|
-1,0 |
-12 |
DH |
VG2 |
DHIUD2---- |
Interiør- og utstillingsdesign |
639 |
Årstad videregående skole |
-410 000 |
|
-1,0 |
-12 |
BA |
VG1 |
BABAT1---- |
Bygg og anleggsteknikk |
665 |
Stord vidaregåande skule |
-410 000 |
|
1,0 |
15 |
BA |
VG1 |
BABAT1---- |
Bygg og anleggsteknikk |
635 |
Norheimsund vidaregåande skule |
410 000 |
|
0,0 |
-6 |
DH |
VG1 |
DHDHV1---- |
Design og håndverk |
635 |
Norheimsund vidaregåande skule |
-110 000 |
|
-1,0 |
-15 |
HS |
VG2 |
HSHEA2---- |
Helsearbeidarfaget |
656 |
Lønborg vgs |
-450 000 |
|
-0,5 |
-12 |
NA |
VK II |
8262 |
Naturforvaltning |
658 |
Stend jordbruksskule |
-260 000 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
-3,5 |
-66,0 |
Oppretting/nedlegging. Endringer hausten 2007 |
|
-1 790 000 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
ANDRE SAKER:
Ny styresamansetting i Hardanger Museum
Fylkesutvalet vedtok samrøystes at Hordaland fylkeskommune sluttar seg til vedtektsendringa som inneber at styret for Hardanger Museum får slik samansetting i samband med innlemming av Voss folkemuseum: 1 medlem og 1 personleg varamedlem vald av styra for Agatunet og Granvin Bygdemuseum i fellesskap. 2 medlemmer og 2 personlege varamedlemer valde av styret i Hardanger Fartøyvernsenter. 1 medlem og 1 personleg varamedlem vald av styret ved Hardanger Folkemuseum. 1 medlem og 1 personleg varamedlem vald av Hordaland fylkeskommune/Tusenårsstaden. 2 medlemer og 2 varamedlemer valde av og mellom dei tilsette. 1 medlem og 1 personleg varamedlem vald av styret ved Voss folkemuseum.
Styringsgruppe for fylkesdelplan for Hardangervidda
Fylkestinget oppnemnde den 29.03.07 Magnar Lussand til saksordførar for planarbeidet og medlem i styringsgruppa. Fylkesutvalet oppnemner følgjande til styringsgruppa for Fylkesdelplan for Hardangervidda: Magnar Lussand og Berit Eldøy, Stord. 1. vara: Sigmund Olsnes. 2. vara: Aslaug Hellesøy, Kvinnherad
OVERSENDINGSSAKER
Under open time i fylkesutvalet vart det fremja tre oversendingssaker.
- Uroa for veterinærtenesta
Hordaland fylkesutval vil etter framlegg frå Monica Nilsen (Frp) oversenda følgjande uttale til Landbruks- og matdepartementet vedrørande Ot.prp. nr. 68 - forslag til endring av dyrehelsepersonell-loven i forbindelse med overføringar av ansvaret for de kliniske veterinærtenestene frå staten til kommunane.
- Hordaland fylkesutval er uroa for at kommunane står utan veterinærvakt frå 1.1.2008. Før kommunane overtek veterinærtenesta, må kommunane få full kompensasjon for veterinærvakta og ein må vera sikra veterinærvakt i kvar kommune, eventuelt gjennom interkommunale samarbeidsløysingar. Ein må ikkje risikera å koma opp i same situasjon som i 2005 då landet stod utan veterinærvakt.
Å fjerna det offentlege ansvaret for veterinærvakta inneber ikkje berre ein alvorleg svekking av beredskapen mot smittsam dyresjukdom og ei svekking av matvaretryggleiken. Det er også eit slag i andletet for distriktsnorge.
Framtidig organisering av Dagskole-tilbodet
I eit oversendingsforslag til fylkesrådmannen frå Mette Holmefjord Olsen (SV) heiter det: Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen snarast leggja fram sak i Opplærings- og helseutvalet/fylkesutvalet om korleis det framtidige opplæringstilbodet for den målgruppa som fell utanfor kriminalomsorga skal organiserast. Saka skal innehalda rutinar for samarbeid med NAV og andre instansar om korleis skapa eit heilskapleg tilbod til elevane.
Pålegg frå Arbeidstilsynet
Joril Christensen (Ap) adde følgjande oversendingsforslag til fylkesrådmannen i samband med ein personalsak der Arbeidstilsynet er kopla inn. Arbeid med å oppfylla pålegg frå Arbeidstilsynet må startast umiddelbart. Administrasjonsutvalet vert snarast orientert om håndteringa av tilsynsrapporten