Full breibandsdekning i fylket

Hordaland fylkeskommune har søkt Høykom om vel 11,4 millionar kroner i støtte for å kunne gje om lag 400 husstandar og ei rekkje bedrifter i 145 område i fylket breibanddekning. - Med desse midla kan vi få full breibandsdekning i Hordaland i løpet av nest

- Full breibandsutbygging i heile Hordaland fylke er kostnadsrekna til om lag 47,4 millionar kroner. Kva for område som framleis er utan breibandsdekning og kva det vil koste å gje alle i fylket breibandsdekning er nyleg kartlagt av Vestlandsforsking.
Etter ei fylkesovergripande samordning med dei aktuelle kommunane og regionråda har me søkt om Høykom-midlar. Desse er avgjerande både for å få til utbygginga og for utløyse dei andre lokale og regionale midlane, opplyser stabsleiar Matti Torgersen i Hordaland fylkeskommune.

Viktig satsing
Prosjektet er det første fylkesomfattande Høykom-prosjekt i Hordaland. Difor er det også ei viktig satsing i høve til å samordne infrastrukturutbygging på tvers av kommunar, regionråd og fylkesnivået, samt for å stimulere felles kunnskapsutvikling og bruk av breibandtenester i fylket.
Organiseringa av prosjektet bygger på gode erfaringar frå andre fylke med tilsvarande organisering. Prosjektet er organisert med Hordaland fylkeskommune som ansvarleg prosjekteigar og koordinator.

Dei største prosjekta gjeld for kommunane Bømlo, Austevoll, Osterøy, Tysnes, Lindås, Fusa og Odda. Forskningsrådet ved Høykom hadde motteke 22 søknader då fristen gjekk ut 6. august. Det vert søkt om støtte frå Høykom på nærmare 170 millionar kroner for å setje igang prosjekter med eit totalt omfang på ca 550 millionar kroner.

- Hordaland har 33 kommunar. 7 kommunar har full breibanddekning, ein kommune tek ikkje del i prosjektet og 25 kommunar ønskjer breibandutbygging med kommunal medverknad. Prosjektplanen for Høykom-midlar omfattar 23 kommunar der planane er utvikla i tråd med føresetnadene i Høykom-utlysinga, og der lokal forankring er gjennomført både i fylkeskommunalt planarbeid og prioriteringar i kommunane, opplyser Matti Torgersen.

Hordaland fylkeskommune fekk i mai i år 8,13 millionar kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til utbygging av breiband i område utan slik tilknyting i dag. Hordaland fylkeskommune har no søkt om 11.844.000 kroner frå Høykom, ei statleg tilskotsordning for å understøtte breibandsutviklinga. Resten må finansierast av kommunane sjølve.

Simon Sortland 07.08.2007 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart