- No har vi venta lenge nok, og ber innstendig om at nytt odontologibygg i Bergen kjem med oppstartsbevilgning i statsbudsjettet no i oktober, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i eit brev til kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Nytt odontologibygg i Bergen står øvst på prioriteringslista av statlege bygg i Hordaland. Det er som kjend ferdig prosjektert med ei godkjend kostnadsramme på 500 millionar kroner, og bygget har fått rosande omtale i dei to siste statsbudsjetta.
- Helse- og omsorgsdepartementet sin ambisiøse plan for tannhelsetenesta i Noreg støttar me fullt opp om i Hordaland. Ikkje minst at tannhelseutdanninga skal utvidast og styrkast for å få eit kunnskapsløft på tannhelsefeltet. Skal dette verte ein realitet må tannhelseutdanninga i Bergen få moderne og oppgraderte lokale og utstyr, noko ei realisering av det ferdigprosjekterte og godkjende odontologibygget er ein føresetnad for. Med dagens odontologibygg, vil ikkje Universitetet i Bergen makta å å følgja opp måla i Stortingsmelding nr. 35, poengterar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Ei heilhjarta støtte og oppbakking frå alle fylkestannlegane i landet, og særleg frå Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane - vitnar om at ei snarleg realisering av nytt odontologibygg i Bergen er det som må til for å oppnå måla om kompetanseutvikling, geografisk kompetansespreiing og meir klinisk forsking.
- Dagens kummerlege tilhøve reduserer ikkje berre kapasiteten på utdanninga, men også rekrutteringa av forskarar, kliniske lærarar og spesialistar. Nytt odontologibygg i Bergen er ikkje eit stort prosjekt til å vere eit statsbygg, men er desto viktigare for å oppfylla målsetnadane i norsk tannhelseteneste. Difor vil Hordaland fylkeskommune be om at oppstarten kjem i 2008, avrundar fylkesordføraren brevet til kunnskapsminister Djupedal.