Stort og variert tilbod
Fylkeskommunen har 47 skular med ei stort og variert tilbod. For alle 10.-klassingane som skal ta spranget over frå ungdomsskulen og til vidaregåande, er det eit viktig val som skal gjerast.
Informasjonshjelp
Informasjon om kvar ein kan finna opplysningar om dei ulike utdanningsvegane, nødvendige adresser og søknadsfristar, er det viktig å gjera lett tilgjengeleg for søkjarane, seier inntaksleiar Skavhellen.
Nye informasjonstiltak
Den nye nettstaden vilbli.no, som gjev brei og omfattande informasjon om vidaregåande opplæring både i Hordaland og resten av landet, vart opna 11. januar.
– Me håpar at vilbli.no og våre andre nye informasjonstiltak, saman med den tradisjonelle søkjarkatalogen som også vert sendt ut i desse dagar, skal vera til god hjelp både for elevane og foreldra i den valsituasjonen dei står i, seier inntaksleiaren.
Bruk søkjarkatalogen
Eitt råd vil inntaksleiaren gjerne gje: – Les godt gjennom den generelle informasjonen om søking til vidaregåande opplæring i søkjarkatalogen. I katalogen er det kortfatta oversikt over aktuelle datoar for søknad og inntak, rettleiing og krav til søknaden, inntaksreglar og kurstilbodet ved skulane.
Skapa engasjement
Med postkorta som vert sende heim til elevane og dei føresette, håpar me å stimulera både dei unge og vaksne til å vurdera grundig det utdanningsvalet som skal gjerast. Bruk skulekatalogen, nettet, diskuter og spør gjerne rådgjevaren på skulen, er inntaksleiaren sitt råd.
Reklamefilm på kino
I februar vil det verta vist ein film om det vidaregåande skuletilbodet i Hordaland på kinoane i Bergen, Etne og på Stord og Voss.
Kampanjen
Det er Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen som har teke initiativet til og står for kampanjen. Oppdraget er utført av Grafisk Team ved prosjektleiar Nina Skauge i samarbeid med elevar på medier og kommunikasjon ved Årstad videregående skole.
Lenkjer
Opplæringstilbod i Hordaland
Hordaland på vilbli.no
vilbli.no