Nye rektorar ved fem vidaregåande skular

Hordaland fylkeskommune har tilsett nye rektorar ved fem vidaregåande skular.

Tilsetjingane er:

 

Bergen katedralskole:                     Hans Peder Vibe

Lønborg videregående skole:          Helene Systad

Askøy videregående skole:             Lillian Østensen

Sandsli videregående skole:            Jostein Torvik

Olsvikåsen videregående skole:      Åge Rosnes

 

Den nye rektoren ved Bergen katedralskole, Hans Peder Vibe (54), kjem frå stillinga som fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han er utdanna filolog  (engelsk hovudfag), og har praksis frå heile skuleverket som lærar, inspektør, rektor og fylkesdirektør. Han har vore rektor ved Meløy videregående skole i Nordland, inspektør ved Skagerak International School i Vestfold og seksjonssjef ved opplæringsavdelinga i Vestfold fylkeskommune.

Helene Systad (42) som vert ny rektor ved Lønborg videregående skole, er m.a. utdanna spesialsjukepleiar innan geriatri. Ho har jobba i vidaregåande skule i 12 år, dei siste 6 åra som elevinspektør og studieinspektør på Laksevåg videregående skole. Der har ho hatt særskilt ansvar  for utviklingsarbeidet på skulen. I denne perioden har ho arbeidd eitt år ved opplæringsavdelinga, fagopplæringskontoret, i Hordaland fylkeskommune.

Lillian Østensen (57) som vert ny rektor ved Askøy videregående skole, er no undervisningsinspektør 2 ved denne skulen. Ho er utdanna filolog (historie hovudfag). Ho har mellom anna vore filialinspektør i fire år for sju filialskular i kyst-Finnmark. Etter 17 år i Finnmark  flytta ho i 1995 til Askøy der ho no har ti år bak seg undervisningsinspektør (8 år som undervisningsinsp. II og to år som vikar som undervisningsinsp. I).

Den nye rektoren ved Sandsli videregående skole, Jostein Torvik (61), er no assisterande rektor ved denne skulen. Utdanninga hans omfattar lærarskule, matematikk, fysikk og bedriftsøkonomi. Han har arbeidd 18 år i ungdomsskulen i Bergen, eitt år som studierektor (vikar) ved NKI ingeniørhøgskule og 14 år i vidaregåande skule. Etter fem år ved Osterøy vidaregåande skule, har han vore assisterande rektor ved Sandsli videregående  skole i ni år.

Åge Rosnes (50) vert rektor ved den nye Olsvikåsen videregående skole som er under bygging og som skal setjast i drift frå skuleåret som startar hausten 2006. Han skal ta til i rektorstillinga  1. januar 2006.
 Rosnes er adjunkt med opprykk og er no elevinspektør ved Askøy videregående skole der han også underviser i samfunnskunnskap. Rosnes er vararordførar i Askøy kommune og medlem i arbeidsutvalet for KS sitt sentralstyre.

Stanley Hauge 24.06.2005 10:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart