Hordaland fylkesting i Eidfjord

Vedtak frå møte 8. juni 2005.

Budsjettjusteringar for 2005:
Meir til fylkesvegar og opplæring
Hordaland fylkesting har løyvd 7 mill. kr meir til investeringar i fylkesvegar for 2005. Til bru forbi rasstaden på fylkesvegen til Djønno i Ullensvang vert det løyvd 4 mill. kr. 3 mill. kr skal nyttast til å gjera ferdig opprustinga av dei tre hengebruene til Tofterøy, Strøno og Herdla.
 Fylkestinget har også vedteke tilleggsløyvingar på vel 9 mill. kr til drifta i opplæringssektoren og 10 mill. kr til investeringar i same sektor. 4,55 mill. kr gjeld drifta av Bjørkåsen videregående skole som fylkeskommunen overtek frå staten 1. august i år. Bjørkåsen vgs. vert knytt opp mot Slåtthaug videregående skole.
 Integrering av skulane Bjørkåsen og Slåtthaug vil krevja noko opprustingsarbeid for å oppnå fleksibel bruk av dei to skuleanlegga. Fylkestinget har godkjennt at det vert sett i gang arbeid med installasjon av ventilasjonsanlegg og nødvendig opprustingsarbeid ved den tidlegare internatbygningen for Bjørkåsen videregående skole innanfor ei kostnadsramme på 10 mill. kr. Lokala skal nyttast til kontor for lærarane ved den samanslegne skulen.

Fylkestinget har også gjeve tilleggsløyving på vel 4,5 mill. kr til å dekka kostnader med nye klassar som er oppretta.
 Som tilleggsløyving til ungdommens fylkesting er det løyvd 30 000 kr.

Tilleggsløyvingane vert dekka ved innsparingar på årets budsjett, statstilskot og inntekter frå sal av eigedomar. Dei 8,6 mill. kr som var sett av til å dekka underskot frå 2002 kan nyttast til andre føremål sidan heile underskotet frå 2002 vart dekka i 2004. 5,5 mill. kr av denne summen går til investeringar og 3,1 mill. kr til opplæringssektoren.
 Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo at heile summen på 8,6 mill. kr skulle gå til opplæringssektoren med 5,5 mill. kr til styrking av tilpassa opplæring. Forslaget fekk åtte røsyter (SV og RV) og fall.
 Inntekter frå sal av eigedomar skal dekka 11,5 mill. kr av investeringane.

Fylkesvegen Djønno – Tjoflot
I vinter gjekk det eit ras på fylkesvegen til Djønno i Hardanger som m.a. tok med seg ei bru. Vegvesenet har laga ei mellombels bruløysing som er plassert på dei gamle brufundamenta. Denne plasseringa vil vera utsett dersom det kjem nye ras til vinteren. Det er utarbeidd ein plan for ei ny bru som er lagt lenger ut og som skal vere sikker ved eventuelle nye ras. Den nye brua er kostnadsrekna til 4 mill. kr. Regionvegsjefen ser det som svært ønskeleg å få den nye brua på plass før vinteren.

Vestlandsutgreiing klarert for høyring
Hordaland fylkesting rår Vestlandsrådet til å senda utgreiinga «Vestlandsregion eller vidare samarbeid» på høyring.

I utgreiinga som er gjort er to modellar vurderte, den eine ein felles Vestlandsregionen, den andre utvida samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet gjennom Vestlandsrådet. Hovudvekta er lagt på å skildra modellen med ein felles Vestlandsregion, med mellom anna politisk grunnlag, oppgåver, valordning og styrings- og finansieringssystem. Det er også presentert kva problemstillingar som må verta løyste før ein Vestlandsregion kan verta danna. Like eins er premissar for det vidare arbeidet presentert.

Fylkestinga i Rogaland og Sogn og Fjordane skal handsama utgreiinga i neste veke. Det er Vestlandsrådet som på møte 21.-22. juni skal endeleg vedtak å senda utgreiinga på høyring. Etter høyringsrunden skal saka realitetshandsamast i fylkestinga i desember 2005.

«Deltaking for alle – universell utforming»
Fylkesdelplan for funksjonshemma, som er under arbeid, skal døypast om til ”Deltaking for alle – universell utforming”, har Hordaland fylkesting samrøystes vedteke.

Hordaland fylkeskommune skal arbeida for å nå FN sitt mål om eit tilgjengeleg samfunn for alle. Som eit ledd i dette skal fylkeskommunen leggja FN sine standardreglar for lik sjanse for menneske med funksjonshemming til grunn, når politikk, sakshandsaming, planlegging og drift vert utforma, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.

I løypemeldinga til fylkestinget om planarbeidet heiter det: «Fylkesdelplan for funksjonshemma femnar om eit omfattande og komplekst saksfelt. Mange menneske har nedsett funksjonsevne i heile eller delar av livet, og det er ikkje er ønskjeleg å fokusera på funksjonshemma som enkeltgruppe. Det sentrale omgrepet er universell utforming, som handlar om at  vi må innretta samfunnet slik at enkeltindivid og grupper ikkje vert stigmatiserte, men kan ha eit daglegliv og delta i samfunnslivet på ein integrert måte. Reell og likeverdig deltaking i utdanning, arbeidsliv, kulturlivet og samfunnslivet generelt føreset at universell utforming vert integrert i alle ledd og på alle nivå, og frå oppstart til sluttføring av alle nye tiltak. Planen bør døypast om til ”Deltaking for alle – universell utforming”.»

Fylkesdelplanen skal munna ut i eit handlingsprogram med konkrete tiltak. Mange tiltak kan gjerast som ledd i ordinær tenesteyting. Andre tiltak vil krevja eigne ressursar. Fylkestinget vedtok at midlar til programmet skal vurderast i samband med budsjettet for 2006.

Fylkestinget ber om at det alt no blir vurdert korleis krav om universell utforming kan knytast til fylkeskommunens innkjøpspolitikk og tiltak som i år støtte frå fylkeskommunen.

Vil årlege statsmidlar til drift av
kulturminne Tyssedal kraftanlegg

Etter forslag frå Torstein Dahle (RV) vedtok Hordaland fylkesting ei fråsegn til regjeringa  der dei ber om at det årleg vert gjeve statlege midlar til drift og vedlikehald av det nasjonale kulturminnet Tyssedal kraftanlegg. Vedtaket var samrøystes.

Fråsegna har denne ordlyden:
«Hordaland fylkesting er glad for at Stortinget ved behandlinga av revidert statsbudsjett for 2005 vil løyva 2 mill. kr til sluttføring av restaurering/drift og vedlikehald i 2005 av det nasjonale kulturminnet Tyssedal kraftanlegg (Tysso 1).

Det er viktig at driftsløyvinga for 2005 vert følgd opp i dei komande åra, ved at tilskot til drift og vedlikehald av dette anlegget vert innarbeidd som ein fast post på statsbudsjettet til Miljøverndepartementet, Riksantikvaren, tekniske kulturminne eller budsjettet til Olje- og energidepartementet. Fylkestinget ber regjeringa om å gjera dette i forslaget til statsbudsjett for 2006.»

Fylkestinget vil ha gjeninnført
gradert arbeidsgjevaravgift

Hordaland fylkesting ber i ei fråsegn til regjeringa  om at ordninga med gradert arbeidsgjevaravgift vert gjeninnført. Fylkestinget vedtok samrøystes forslaget til fråsegn som var sett fram av Gisle Handeland (Ap).

Fråsegna lyder:
«EUs regelverk opnar no for at det på sikr vil vera mogleg å gjeninnføra gradert arbeidsgjevaravgift. Hordaland fylkesting vil be om at norske styresmakter nyttar høvet til å gjeninnføra den graderte avgifta. Reduserte satsar for arbeidsgjevaravgift har synt seg å vera eit svært effektivt middel for å kompensera for dei store konkurranseulempene næringslivet i dei mest utsette kommunane i fylket har i høve til konkurrentane. Hordaland fylkesting vil be om at regjeringa nyttar handlingsrommet i EUs regelverk fullt ut.»

Tilrår utvida prosjekt E134 Rullestadjuvet
Hordaland fylkesting går samrøystes inn for at prosjektet E134 Rullestadjuvet vert utvida til også å omfatta den 1,5 km lange strekninga forbi Vintertun og fram til Vassvikkrysset. Det er ein føresetnad at den samla kostnaden for det utvida prosjektet ligg innan for den tidlegare fastsette kostnadsramma på 317 mill. kr, heiter det i vedtaket.
 Fylkestinget legg til grunn same bompengeopplegg som i dag for det utvida prosjektet.

Vegprosjektet E134 Rullestadjuvet går frå Rullestadvatnet vest til Vintertun ved grensa Etne/Odda. Strekninga som skal finansierast med 50% bompengar, er 7,5 km lang og var kostnadsrekna til 290 mill. 2002-kr. Dette talet vart seinare oppjustert til 317 mill. 2004-kr. Bompengeinnkrevjinga starta 17. desember 2001 med ein forventa bompengeperiode på 14 år.
 I ettertid syner det seg at renteutgiftene på prosjektet er vesentleg lågare enn tidlegare lagt til grunn. Bompengeperioden vil såleis verta kortare enn 14 år, truleg omlag 12 år.
 I samband med anbodsinnhenting viser det seg at det opphavelege prosjektet (Rullestadvatnet – Vintertun) kan gjennomførast med ei innsparing på 48 mill kr. Ei utviding av prosjektet med 1,5 km forbi Vintertun fram til Vassvikvatnet (som også ligg innafor godkjent reguleringsplan) kan gjennomførast innanfor ramma på 317 mill. kr, heiter det i saksutgreiinga.

Eit forslag frå Terje Søviknes (Frp) om at fylkestinget ber om at Statens vegvesen vurderer å ta rasteplassen ved Halvfjorden inn i prosjektet, vart vedteke oversendt til Statens vegvesen.

Rapport om organisering av
bompengeselskap i Hordaland
Rapporten om framtidig organisering og administrasjon av bompengeselskap i Hordaland, som fylkesrådmannen har utarbeidd på oppdrag frå fylkesutvalet, skal sendast på høyring. Med grunnlag i høyringsfråsegnene skal det utarbeidast sak om val av organisasjonsmodell og eventuell etablering av administrasjonsmodell, har fylkestinget vedteke.

Fylkesrådmannen har utarbeidd rapporten «Organisering og administrasjon av bompengeselskapa i Hordaland». Rapporten har som føremål å gje eit overordna bilete av administrative utfordringar ved dagens bompengeordning samt foreslå ei meir kostnadseffektiv organisering.
 Ein av konklusjonane i rapporten er at vilkåra for effektiv og rasjonell drift er vanskeleg å oppfylla innanfor dagens regelverk /bompengeavtale. Rapporten skisserer ei løysing som kan realiserast innanfor dei rammevilkåra som gjeld i dag (administrasjonsselskap). Samstundes vert det peika på at ein truleg kan oppnå ytterlegare innsparingar om regelverket vert endra.

Fylkesrådmannen går inn for ein todelt strategi. Den langsiktige strategien legg til grunn at det vert gjennomført endringar i rammevilkåra slik at det kan etablerast bompengeselskap med totalansvar for fleire prosjekt. Den kortsiktige strategien inneber å starta prosessen med å etablera eit administrasjonsselskap som skal administrere dagens bompengeselskap på ein meir kostnadseffektiv måte. Selskapet vil, om regelverket vert endra, kunne fylla rolla som fylkeskommunalt eller eventuelt regionalt eigd bompengeselskap, heiter det i saksutgreiinga.

Justert opplegg for Valekrossen skule
Hordaland fylkesting har vedteke justering av opplegget ved Valekrossen skule i Kvinnherad som gjev vidaregåande opplæring for elevar med psykiske problem.
 Ansvaret for inntaket ved Valekrossen skule vert overført til Opplæringsavdelinga. Det skal utarbeidast nærare kriterium for inntaket, har fylkestinget til.
 Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal starta samtalar med Helse Fonna, DPS-ar, kommunar, A-etat, trygde- og sosialkontor om finansieringa av tilbodet ved Valekrossen skule. Målsetjinga er ei delt finansieringsløysing for skulen.
 I vedtaket vert det presisert at Valekrossen skule, med fylkeskommunal finansiering, skal gje tilbod til elevar med lovmessig rett til opplæring og då særleg gruppa 16 – 25 år.

Vedtaket i fylkestinget er gjort med  34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot  22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.

Mindretalet i fylkestinget støtta forslag frå Arbeiderpartiet om at undervisningstilbodet ved desse skulane er ei opplæringsoppgåve som skal liggja under fylkeskommunen. Fylkestinget finn det ikkje rett at ulik tolking av lover og forskrifter skal ramma elevane med spesielle opplæringsbehov, heiter det i dette forslaget.

Helse Bergen må ta opplæringsansvar
Spesialpedagogiske tenester ved Ulriken skolesenter er i all hovudsak eit ansvar for Helse Bergen, meiner Hordaland fylkesting. Grenseoppgangen mellom opplæringslova og andre lover kan vera uklår, og fylkestinget har på denne bakgrunn vedteke at fylkeskommunen skal starta forhandlingar med Helse Bergen om overføring av spesialpedagogske tenester frå Ulriken skolesenter avdeling Vestlund og Logopedisk klinikk eller eventuelt betaling for desse tenestene.
 Vedtaket vart gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.

Vestlund
Dersom forhandlingane ikkje fører fram til eit omforent resultat skal sak om den vidare verksemda ved Ulriken skolsenter avd. Vestlund leggjast fram på nytt, med tanke på gradvis overføring til andre fylkeskommunale verksemder frå 1. januar 2006. Dette gjeld i alt 6,8 stillingar. Personellmessige tiltak skal vera i tråd med hovudavtalen og gjeldande praksis.
 Det må i samband med dette avklårast med dei aktuelle departementa korleis tilhøvet mellom opplæringslova og spesialhelselova skal tolkast.
 (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)
 Innsparingspotensialet på 3 mill. kroner vert teke ut av budsjettet for 2006.  (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)

Logopedisk klinikk
For Logopedisk klinikk er vedtaket tilsvarande: «Dersom forhandlingane ikkje fører fram til eit omforent resultat skal sak om den vidare verksemda ved Ulriken skolsenter avd. Vestlund leggjast fram på nytt, med tanke på gradvis overføring til andre fylkeskommunale verksemder frå 1. januar 2006. Dette gjeld i alt 8 stillingar. Personellmessige tiltak skal vere i tråd med hovudavtalen og gjeldande praksis.
 Det må i samband med dette avklårast med dei aktuelle departementa korleis tilhøvet mellom opplæringslova og spesialhelselova skal tolkast.
 (Vedteke med 33 (11 H, 13 Frp, 4 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.)
 Innsparingspotensialet på 4 mill. kroner vert teke ut av budsjetta for 2006 og 2007. (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)

Mindretalet i fylkestinget støtta forslag frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse om at undervisningstilbodet ved Ulriken skolesenter avd. Vestlund og Logopedisk klinikk er ei opplæringsoppgåve som skal liggja under fylkeskommunen. Fylkestinget ønskjer ikkje at tilboda skal svekkast grunna ulik tolking av lover og forskrifter, heitte det i dette forslaget som ikkje vart vedteke. Dei 22 som røysta for det var 12 Ap, 6 SV, 2 RV og 2 Sp.
 Venstre hadde eit eige forslag  som fekk partiet sine to røyster, og støtta deretter subsidiert dei fleste punkta i forslaget som vart vedtekne

Færre får 4.- og 5. opplæringsår i vidaregåande skule
Færre elevar vil få høve til å ta 4.- og 5. opplæringsår i vidaregåande skule. Fylkestinget i Hordaland legg opp til å spara 5,5 mill. kr ved denne omlegginga 
 Vedtaket er gjort med  32 (11 H, 13 Frp, 5  KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot  24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 V, 2 Sp) røyster.

Fylkestinget vedtok samrøystes følgjande punkt: «Arbeidet med kvalitativt gode individuelle opplæringsplanar og retningsliner for sakkunnig vurdering vert vidareført. Kompetanseoppbygging og informasjon vert intensivert.»

I skuleåret 2004-05 er det 34 elevar som går 4. opplæringsår og 18 som går 5. opplæringsår. Til skuleåret 2005-06 vert det teke inn 25 elevar til 4. opplæringsår og fem til 5. opplæringsår. Med 22 færre elevar vert det rekna med ei innsparing på 5,5 mill. kr.

Mindretalet på 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 V, 2 Sp) støtta følgjande forslag frå Ap, SV og RV: «Fylkestinget ønskjer ikkje ei restriktiv tolking av opplæringslova (§ 5) om rettane til spesialundervisning. I lys av prosjektet «satsing mot fråfall» ønskjer fylkestinget å kunna nytta ulike tiltak inkl. tilbod om 4. og evt. 5 opplæringsår for å kunna gje tilrettelagt opplæring.»

Individuelle opplæringsplanar
I lova er det tydeleg at utvida rett til opplæring gjeld når elevar treng meir opplæring for å nå måla sine, heiter det i saksutgreiinga.
 I arbeidet med standardkrav til individuelle opplæringsplanar, er det lagt til grunn at alle planane skal ha realistiske mål for eit 3-årig opplæringsløp. Vidare skal det i alle opplæringsplanar vere med mål om eleven sin situasjon etter 3-årig vidaregåande opplæring, til dømes arbeid, verna arbeid eller anna utdanning.
 Det vil og vere eit krav at ein skal sjå på individuelle opplæringsplanar i samarbeid med andre forvaltningsorgan. Kommunane har til dømes ansvaret for eleven både før og etter vidaregåande opplæring og skal i høve lova også her ha individuelle planar, vert det vist til i saksutgreiinga.
 Målsetjinga med fokusering på individuelle opplæringsplanar er at arbeidet mot eleven skal vere meir målretta og at skulane på den måten både styrer forventningane og aukar kvaliteten på undervisninga i treårsperioden. Både elev, føresette, skule, OT/PPT og samarbeidspartnarar skal ha eit treårsperspektiv på sitt arbeid.
 Det er eleven sin progresjon i høve realistiske mål for 3-årig utdanning som er grunnlaget for sakkunnig vurdering og eventuell tildeling av 4. og 5. opplæringsår, heiter det i saksutgreiinga.
 
Lengre skuledag skal
gje fleire elevplassar
For å auka kapasiteten og få plass til fleire elevar ved dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune, har fylkestinget vedteke at det vert starta med lengre skuledag frå skuleåret 2005-06. Ved skular der det ligg til rette for det, skal skuledagen kunna lengjast til kl. 17 (18), har fylkestinget vedtaket.
 Vedtaket er gjort med 36 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 4 SP, 2 V) mot 20 (12 Ap, 6 SV, 2 RV) røyster.

Kvar klasse med lenge skuledag representerer ei effektivisering på 300 000 kr.

Hordaland får elevauke på om lag 600 elever  i dei vidaregåande skulane kvart år dei næraste åra. I høve ønskje om lineval er det i dag avgrensa tilbod til desse elevane. Særleg gjeld dette i Bergen sentrum og Bergen sør innafor yrkesfaglege studieretningar (om lag 150 elevar). Kapasiteten er her allereie sprengd og nye skular vil ikkje vere tilstrekkeleg til å gje desse elevane gode tilbod. Spesielt gjeld dette i skuleåra 2005/2006 og 2007/2008, heiter det i saksutgreiinga.

Det er utarbeidd planar for sju lengre skuledag-prosjekt ved fire skular i Bergensområdet og tre i Sunnhordland.

Utvida skuledag med  fleire fritimar og utvida skuledag med to skift er to andre alternativ som er vurderte for å auka elevkapasiteten, men er ikkje tilrådde.

Andre saker:
24/05 Lærlingetilskot
 Vedtak:
1 Målsetjing om heilskapleg praktisering av Opplæringslova for alle grupper vert teke opp mellom den politiske leiinga i fylkeskommunen og den politiske leiinga i Utdannings- og forskingsdepartementet.

2 Rapport frå arbeidet vert å leggja fram for fylkestinget i juni 2006.

26/05 E-opplæring
 Vedtak (samrøystes):
1 Program for e-Opplæring vert etablert som HFK si hovudsatsing på e-læringsarbeidet. Det vert utarbeida og lagt fram eit forslag til ”e-Læringsprogram for Hordaland fylkeskommune.
2 E-prosjektene vert oversendt Opplæringsavdelinga og lagt fram som eigne saker gjennom OHU.

27/05 Program for økonomisk handlefridom - prosjekt 11 Vaktmeister- og reinhaldstenesta
 Vedtak: (med 31 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp)
 mot 25 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) røyster:
· Sentralisert modell vert lagt til grunn for organisering av eigedomsforvaltninga.
· Forbetring av innkjøpsavtalar og –ordningar vert ein del av prosjektet.
· Ein prøver ut alternative driftsmodellar for å finne den mest effektive løysinga til ein gitt kvalitetsstandard.
· Evaluering av sentraliseringsmodell og forslag til tilknytingsform for eigedomsforvaltninga vert å leggje fram for fylkestinget i juni 2006.
· Evaluering av tilknytingsform vert å leggje fram for fylkestinget i 2007.

28/05 Effektivitet i fylkesadministrasjonen
 Vedtak: (samrøystes):
 Rapport frå arbeidet med effektivisering  i fylkesadministrasjonen vert lagt
 fram i desember 2005.

30/05 Kunnskapsløftet - Strategisk plan for kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring
 2005 - 2008 med tiltaksplan for 2005
 Vedtak:
 Saka vert teken til orientering.

33/05 Nedlegging  av Kyststamvegutvalet
 Vedtak:
1. Fylkestinget går inn for at Kyststamvegutvalet formelt vert avvikla.
2. Fylkestinget legg  til grunn at kontingent for 2003 tilsvarande kr 128 000 skal tilbakeførast til Hordaland fylkeskommune.
3. Fylkestinget går inn for at øvrige innbetalte og udisponerte midlar frå Hordaland fylkeskommune til Kyststamvegutvalet vert overført til Vestlandsrådet, og stilt til rådvelde for utgeiingsarbeid  m.v. innanfor samferdselsområdet.

34/05 Fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør. Merknader til vurderingsrapport
 Vedtak:
1 Fylkestinget i Hordaland tar vurderingsrapporten ”Fylkeskommunenes rolle som regional utviklingsaktør og partnerskapenes funksjon i den sammenheng” til orientering.
2 Fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør er godt nok kartlagt og vurdert. Det er ikkje trong for fleire evalueringar av korleis fylkeskommunane fungerar.
3 Fylkestinget meiner at spørsmålet om utforming av det framtidige regionale nivået må avklarast snarast råd.

35/05 Søknad om fritak for politiske verv
 Vedtak:
 Etter ei vurdering av vilkåra i kommunelova finn ikkje fylkestinget å kunna gi Ole G. Fredheim, Det norske Arbeiderparti, fritak frå verva som varamedlem til fylkestinget og varamedlem til samferdselsutvalet.

36/05 Tertialrapport  pr. 30, april 2005 – rekneskapsprognose
 Vedtak:
 Fylkestinget tek rekneskapsprognosen til orientering.

Stanley Hauge 24.06.2005 10:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart