Hordaland fylkesting i Eidfjord

Vedtak frå møtet 7. juni 2005

Styrkjer skulane med 5 mill. kr av overskotet
Hordaland fylkesting har vedteke å bruka 5 mill. kr av overskotet frå 2004 til å kompensera for overskot og fond som tidlegare er trekte inn frå dei vidaregåande skulane i samband med underskot i fylkesrekneskapen.
 3 mill. kr vert nytta til å tilbakebetala overskot trekte inn i 2003. Saman med 4 mill. kr som er løyvd til tilbakebetaling i budsjettet for 2005, vil ein koma à jour med alle strokne fond frå 2003.
 I 2002 trekte fylkeskommunen inn alle disposisjonsfond frå 2001 og tidlegare. I saksutgreiinga frå fylkesrådmannen heiter det: «Fylkesrådmannen har ikkje teke sikte på å tilbakebetale desse midlane. Ein kjem likevel ikkje utanom at to av skulane, som hadde dei største fonda, vart råka særleg hardt. Det gjeld Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Rubbestadnes yrkesskule. Fylkesrådmannen gjer framlegg om at desse to skulane får ein kompensasjon i 2005-budsjettet på høvesvis 1,5 mill. kr og 0,5 mill. kr. Etter dette reknar fylkesrådmannen med at diskusjonen om strokne fond ved skulane er endeleg avslutta.»

Av det samla overskotet på 11,6 mill. kr har fylkestinget vidare vedteke at 5,0 mill. kr vert nytta til styrking av likviditetsreserven og 1,6 mill. kr vert sett av på fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto.

Bjørn Lothe (SV) føreslo å auka løyvinga til utstyr i dei vidaregåande skulane med 5 mill. kr i staden for å styrkja likviditetsreserven med same sum. Forslaget fekk åtte røyster (SV og RV) og fall.

Kyrre skole vert overført til Bjørgvin vgs
Kyrre skole, som gjev vidaregåande opplæring for elevar med psykiske problem, skal overførast frå Bergen katedralskole til Bjørgvin videregående skole frå 1. august 2005, har fylkestinget vedteke. Tilbodet skulen gjev til vaksne elevar (over 25 år) må i større grad  byggja på finansiering frå eksterne samarbeidspartar, meiner  fylkestinget.
 Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal gå i dialog med Helse vest og andre samarbeidspartnarar for å føra vidare tilbodet til dei elevane som ikkje er i aldersgruppa 16-25 år.
 Ved at dei vaksne elevane vert finansierte av eksterne samarbeidspartar, vil fylkeskommunen kunna spara 3 mill. kr årleg. Fylkestinget går inn for at 2 mill. kr av denne summen skal nyttast til auka satsing på ungdomsgruppa 16-25 år.
 Gjennom samarbeid med andre forvaltningsorgan og med eksterne finansieringskjelder er målsetjinga å auke aktiviteten ved Kyrre skole og opna for kveldsundervisning, heiter det i vedtaket.

Fylkestinget har vedteke at tilbodet ved Kyrre skole skal sjåast i tettare samanheng med ordinær vidaregåande opplæring. Inntaket vert difor overført til Opplæringsavdelinga.
 Vidare vert det foreslått som hovudmål at elevane skal integrerast i kvardagslivet, anten i form av arbeid eller ordinær vidaregåande opplæring. Difor vert Kyrre skole overført frå Bergen Katedralskole til Bjørgvin videregåande skole. Fagtilbodet ved denne skulen har fleire fellestrekk med Kyrre skole og skal leggje forholda til rette for integrering i vidaregåande opplæring. Slik integrering må og skje i høve andre skular, heiter det i saksutgreiinga.

Vedtaket i fylkestinget er gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 1 Pensj., 2 Sp, 2 V) mot 23 (13 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.
 Mindretalet i fylkestinget støtta eit forslag frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse om at Kyrre skole skal drivast vidare som i dag . Men også mindretalet gjekk inn for at Kyrre skole skal organisert som ei avdeling under Bjørgvin vidaregeående skole.

Målsetjing og evaluering
I fylkestinget sitt vedtak heiter det:
 «Målsettingane for Kyrre skole skal vere å
· redusera fråfallet av ungdom frå vidaregåande skule
· få elevar med psykiske problem integrert i kvardagssamfunnet, herunder ordinær vidaregåande skule, arbeid og/eller utdanning
· gje elevar med psykiske problem vitnemål.

Evaluering av målsetjingar og organisatorisk tilknyting skal leggjast  til grunn for rapport om Kyrre skole til fylkestinget i juni 2006.

Helse Bergen må ta opplæringsansvar
Spesialpedagogiske tenester ved Ulriken skolesenter er i all hovudsak eit ansvar for Helse Bergen, meiner Hordaland fylkesting. Grenseoppgangen mellom opplæringslova og andre lover kan vera uklår, og fylkestinget har på denne bakgrunn vedteke at fylkeskommunen skal starta forhandlingar med Helse Bergen om overføring av spesialpedagogske tenester frå Ulriken skolesenter avdeling Vestlund eller eventuelt betaling for desse tenestene.
 Vedtaket vart gjort med 34 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 V, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 22 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2 Sp) røyster.

Dersom forhandlingane ikkje fører fram til eit omforent resultat skal sak om den vidare verksemda ved Ulriken skolsenter avd. Vestlund leggjast fram på nytt, med tanke på gradvis overføring til andre fylkeskommunale verksemder frå 1. januar 2006. Dette gjeld i alt 6,8 stillingar. Personellmessige tiltak skal vera i tråd med hovudavtalen og gjeldande praksis.
 Det må i samband med dette avklårast med dei aktuelle departementa korleis tilhøvet mellom opplæringslova og spesialhelselova skal tolkast.
 (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)
 Innsparingspotensialet på 3 mill. kroner vert teke ut av budsjettet for 2006.  (Vedteke med 32 (11 H, 13 Frp, 5 KrF, 2 Sp, 1 Pensj.) mot 24 (12 Ap, 6 SV, 2 RV, 2V, 2 Sp) røyster.)

Mindretalet i fylkestinget støtta forslag frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse om at undervisningstilbodet ved Ulriken skolesenter avd. Vestlund er ei opplæringsoppgåve som skal liggja under fylkeskommunen. Fylkestinget ønskjer ikkje at tilboda skal svekkast grunna ulik tolking av lover og forskrifter, heitte det i dette forslaget som ikkje vart vedteke. Dei 22 som røysta for det var 12 Ap, 6 SV, 2 RV og 2 Sp.
 Venstre hadde eit eige forslag  som fekk partiet sine to røyster, og støtta deretter subsidiert dei fleste punkta i forslaget som vart vedtekne

Andre saker:
15/05 ÅRSMELDING 2004 - HORDALAND FYLKESKOMMUNE
 Vedtak: (samrøystes)
 Fylkestinget tek «Årsmelding 2004 – Hordaland fylkeskommune» til orientering.

16/05 Årsmelding 2004 for kontrollutvalet
 Vedtak: (samrøystes)
 Fylkestinget godkjenner årsmelding 2004 for kontrollutvalet.

17/05 Selskapskontroll
 Vedtak: (samrøystes)
1. Fylkestinget vedtek framlagt plan for selskapskontroll.
2. Fylkestinget delegerer mynde til kontrollutvalet til å foreta endringar i planen innanfor planperioden.
3. Fylkestinget ber om at det i fylkeskommunen vert innarbeidd standard atterhald om kontroll. Dette gjeld der det er fylkeskommunale midlar ytt tilskot til verksemd som ikkje er undergitt fylkeskommunal kontroll, eller der fylkeskommunen går inn på eigarsida i selskap som ikkje er underlagt fylkeskommunal kontroll. I slike døme skal det takast atterhald om høve for fylkeskommunen og fylket sin revisor til å setja i verk kontroll med at midlane vert forvalta slik som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei opplysningane ein finn påkrevd for sin kontroll.
4. Fylkestinget ber om  at fylkeskommunale utsendingar på generalforsamlingar i selskap som ikkje fell inn under kommuneloven §80, reiser forslag  om vedtaksendring som gjev fylkeskommunen og fylket sin revisor adgang til å føra kontroll med fylket sine eigarinteresser. Fylkesrådmannen utarbeider framlegg til formulering av slike vedtektsendringar.

Stanley Hauge 24.06.2005 10:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart