Fylkesordføraren sin tale

På fylkestinget i Eidfjord 7. juni 2005

Vyrde fylkesting!

Vel møtt til fylkestingsamling. Sommartinget vårt i år er lagt hit til Eidfjord – og det er første gongen fylkestinget er samla her.

7. juni for 100 år sidan var ein stor dag for landet vårt – unionen med Sverige vart oppløyst og me vart ein sjølvstendig stat. Spenninga som hadde bygd seg opp mellom Sverige og Noreg under lausrivingsprosessen, fekk ein fredeleg utgang.

Men i tida før unionsoppløysinga fekk frykta for at den utrygge situasjonen skulle føra til væpna konflikt, innverknad på fleire område. Ei viktig næring for distriktet der me no er samla, fekk merka det. Etter stor vekst gjennom fleire tiår, fekk turistnæringa i Hardanger og på Vestlandet ein vesentleg nedgang i 1904 og 1905 – både turistar og turarrangørar frykta ufred. Heldigvis tok turisttrafikken seg sterkt opp att alt året etter unionen var oppløyst.

Hundreårsmarkeringa strekkjer seg over heile året med aktivitetar i heile landet. Dei to hovudarrangementa for Hordaland fylkeskommune er den internasjonale tørrfiskfestivalen i Bergen («Bergen Internasjonale Stoccafisso festival» - 10.-12. juni), og opninga av Tusenårsstaden i Hordaland – kunst- og kultursenteret i Øystese – 19. november.

I fylkestinget i 1905, som var samla i Bergen frå 21. mars til 1. april, var ei av sakene som vart handsama «Om fiskerireglene i Eidfjord». Og sjølvsagt stod det vegsaker på kartet. I saka om hovudveganlegg tapte strekninga Måbø-Garden i Eidfjord kampen om midlar i 1905-06 med Bolstad bru i Voss.

Eg skal ikkje seia mykje om samferdselssaker i talen min i dag. Men eg er freista til å slå fast at også i denne sektoren er det enkelte sanningar som har endra lite dei siste 100 åra. Fylkestinget i 1905  gjorde nemleg slikt vedtak i saka «Om den fremtidige veibygging i amtet»:

«1. Det henstilles til amtmanden at indgaa til vedkommende statsmyndigheter med indtrængende henstillen om, at der tilstaaes amtet et større aarligt statsbidrag til veibygning end hidtil er skeet.»

I følgje møteboka var vedtaket samrøystes.
Verka  det ikkje kjent? 

Vestlandsutgreiinga
Regjeringa tek sikte på at Stortinget våren 2007 skal kunna behandla prinsippmelding om det norske styrings- og forvaltingssystemet på lokalt og regionalt nivå.
Ei forvaltingsreform vil tidlegast kunna tre i kraft 1. januar 2010, seier kommunal- og regionalministeren.

Me ynskjer større fart i nyorganiseringa av fylkes- og regionsnivået enn det kommunal- og regionalministeren legg opp til, og har som ambisjon at Vestlandet skal vera førande i regiondebatten.

På saksliste til dette fylkestinget står utgreiinga om ein Vestlandsregion. Ei styringsgruppe samansett av Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland sine representantar i Vestlandsrådet har leia arbeidet med utgreiinga som vart lagt fram 2. juni. Utgreiinga vurderer to alternativ for vidare utvikling av det regionale nivået på Vestlandet:

· utvida samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet
· å danna ein vestlandsregion

Hovudvekta er lagt på å danna ein vestlandsregion.

I denne omgang skal me handsama saka og seia kva me meiner før utgreiinga vert sendt på høyring. Fylkestinget i Rogaland skal gjera tilsvarande 14.-15. juni og fylkestinget i Sogn og Fjordane 16.-17. juni. Styringsgruppa, som møtest 22. juni, skal deretter senda saka på høyring.

Utviklinga av fylket
Fylkeskommunen skal ta (ha) leiarskapen i arbeidet med å utvikla fylket vårt. Det betyr mellom anna at me må evna å sjå ut over reine fylkeskommunale oppgåver, at me må interessera oss for alt som har betydning for folk og næringsliv – og at me må vera lydhøre for dei innspela andre kjem til oss med. Ikkje minst handlar det om at me må gjera jobben saman med andre – i partnarskap med kommunar, næringsliv, kunnskapsmiljø og organisasjonar.
Det handlar om at fylkeskommunen skal vere lagførar.

Skal me klara det, må me bry oss om det som skjer utanfor den fylkeskommunale verksemda – og me må visa at me bryr oss.

Eg har lagt stor vekt på å byggja opp god kontakt med kommunane, mellom  anna ved å vitja dei for å få vita kva kommunane ser som viktig at fylkeskommunen tek opp og for å samtala om aktuelle felles oppgåver og saker. I løpet av det siste halvtanna året har eg vitja 29 av kommunane og dei 4 siste står for tur. Eg opplever møta som nyttige for begge partar både i einskildsaker og i det kontinuerlege arbeidet vårt.

Dei politiske ressursane me rår over, det at me er eit folkevald organ – gjev oss makt. Denne må me stille til disposisjon for gode saker og bruka for å hevda fylket sine interesser.

Men eg skulle også gjerne sett at me hadde meir frie midlar til arbeidet med regional utvikling – både til eigne prosjekt, og til å støtta opp under andre gode idear og tiltak. Særleg gjeld dette store tunge satsingar som til dømes cruisekaien her i Eidfjord. Det økonomiske bidraget vårt var avgjerande for at kaien vart bygd. Og i mange tilfelle er det slik at om ikkje fylkeskommunen har musklar til å støtta opp under fyrtårnsatsingar, så er det sjeldan andre som maktar å gå inn i vår plass. Eg vonar budsjettet etter kvart kan gje større opning for slike satsingar.

På Hordalandskonferansen på Stord 31. mai og 1. juni var eit av temaa «Korleis skal vi få endå meir nytte av kunnskapsressursane i fylket?» Både frå Høgskulen Stord/Haugesund og frå Universitetet i Bergen kom der klar melding til kommunane og fylkeskommunen: Få fram til oss kva kompetanse og utdanningstilbod som manglar og må byggjast opp i regionen. Still krav til oss! Og frå kommunar vart det replisert at dette er ei så omfattande oppgåve at det vil vera naturleg at fylkeskommunen tek oppdraget! Det skal me syta for å gjera.

Næringsliv og sysselsetjing
Utviklinga i næringsliv og sysselsetjing er positiv. Etter det som går fram av det siste Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane, og aetat sine mai-tal for arbeidsmarknaden, er me så absolutt på rett veg. Det er optimisme i næringslivet – særleg innan verkstads-, olje- og verftsindustrien. Spådomane om industridød ser ut til å vera gjort til skamme, og det er bra – for dette er viktige næringsgreiner i fylket vårt, med stor sysselsetting. Samla sett ligg det an til å bli 3-4000 fleire arbeidsplassar i Hordaland i det komande året. Kvar tredje bedrift trur at lønsemda blir betre i år enn i 2004.

Ved utgangen av mai var 7 887 personar i Hordaland heilt ledige og 1 687 var sysselsette på tiltak. Det utgjer 4,1 % av arbeidsstyrken. Tilsvarande tal for eitt år sidan var 4,4 %. Trass i at talet på sysselsette på tiltak er redusert med 29 %, eller nær 700 sidan mai i fjor, har ikkje det gjeve nokon auke i talet på arbeidslause. I løpet av mai i år vart det registrert 2 300 ledige stillingar i fylket, ein auke på ca. 10 prosent frå same tid i fjor.

Samstundes fører veksten til at det vert knapt med kvalifisert arbeidskraft innan fleire område, særleg innan mekanisk industri. Fleire bedrifter har ledige stillingar som dei ikkje finn folk til. Dette gjeld mellom anna fag som tømrar, sveisar, elektrikar og maskinarbeidar.

Då er det eit tankekors at så få ungdomar siktar seg inn mot slike fag. Innanfor studieretninga mekaniske fag (med til saman ca. 1300 elevar) var det til dømes i år for heile Hordaland berre 17 søkjarar til emnet VK1 Maskinfag. Likevel gjer fylkeskommunen alt me kan for å halda oppe så mange kurstilbod som muleg – nettopp fordi dette er utdanningar som treff godt i forhold til industrien sine behov.

Saman med Aetat og Bergen kommune har me lagt nær 2 mill. fylkeskommunale kroner inn i etableringa av Senter for yrkesrettleiing som nettopp skal rettleia ungdom som skal velja utdanning – og rettleia dei ut frå best muleg informasjon om næringslivet sine behov.

Internasjonalt
Saman med Bergen kommune og Hordaland Olje og Gass underteikna fylkeskommunen 30. mai samarbeidsavtale med delstaten Espirito Santo i Brasil. Avtalen gjeld innan petroleumssektoren, marin og maritim  sektor. Utgangspunktet er eit ønskje i Bergensregionen om å posisjonera seg innan olje- og gassverksemda i Brasil. Delstaten Espirito Santo ligg på kysten nord for Rio de Janeiro og har tilsvarande posisjon i Brasil som Bergensregionen har innan olje- og gassaktivitetar og annan marin og maritim verksemd i Noreg.

Eg ser denne avtalen som eit steg i retning av at den internasjonale kontakta vår i aukande grad vil gå meir i næringsretta lei. Gjennom samarbeid får me aktiv deling av kunnskap til nytte for begge partar. Samstundes gjev slike kontaktar oss innsikt og erfaring korleis politiske og andre samfunnsmessige prosessar fungerer i andre land.

Siste helga i juni skal det i venskapsregionen vår i Wales markerast at Cardiff har 50-årsjubileum som by og at det er 100 år sidan Noreg vart sjølvstendig. Markeringa me skal delta på er knytt til den internasjonale vidaregåande skulen vår i Cardiff. Til hausten vert det tiande året me sender elevar til eit skuleår i Wales. Om lag 175 elevar har til no gjennomført eit skuleår der. Dei har fått ein fantastisk sjanse til å tileigna seg framand språk og kultur.

Vel møtt til fylkesting!

Fylkesrådmannen har ordet.

Stanley Hauge 24.06.2005 10:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart