500 fleire elevar enn i fjor får tilbod om plass i vidaregåande skolar i Hordaland

Første inntaksomgang til dei vidaregåande skolane i Hordaland er no ferdig. Tala viser at nærare 500 fleire elevar enn i fjor får tilbod om plass etter 1. inntaksomgang.

Over 16 000 har fått plass
Søkjartalet for 2005 er 17 727. I 2004 var det  17 375 som søkte. Totalt inntekne søkjarar i 2005  er 16 250 elevar. Dette er 491 fleire enn i 2004.

Det er ein auke av søkjarar med Ungdomrett som står utan tilbod. Søkjarar med Ungdomsrett utan tilbod i 2005 er 872, som er 315 fleire enn i 2004.

Større ungdomskull - auke i elevtalet
Elevtalet i dei vidaregåande skolane i Hordaland er nærare 500 større enn i 2004.  Dette skuldast  at talet på elevar som var ferdig med ungdomsskolen i vår  har ein tilsvarande auke. Ved oppretting og omlegging av klassar har Hordaland fylkeskommune tatt høgde for denne store auken i ungdomskullet.

Flest utan tilbod i Bergensregionen
Hovudgrunnen til at det i år likevel er fleire utan tilbod om plass etter 1. inntaksomgang enn i 2004, er  at mange søkjarar ikkje har utnytta søknadsskjemaet sitt fullt ut.  Det er høve til å føre opp seks skolar til kvart kursønskje, men søkjarar—særleg frå Bergensområdet—har ikkje nytta dette høvet, og står noko unødvendig utan tilbod om plass.  Det er søkjarar til grunnkurs Allmenne, økonomiske, og administrative fag som kjem dårleg ut ved ikkje å føre opp andre skolar enn t.d. skolane i Bergen sentrum.  Desse skolane har svært høg nedre poenggrense. Både ved Bergen Katedralskole og Bergen Handelsgymnasium må ein såleis tett opp under karakteren fem i snitt frå ungdomsskolen for å få tilbod om plass.

Personleg samtale
Sjølv om det etter 1. inntaksomgang står 872 søkjarar med Ungdomsrett utan tilbod, vil alle desse få eit tilbod etter Opplæringslova før skolestart.  Denne søkjargruppa vil få ei innbyding til å ta kontakt med Inntakskontoret slik at dei blir orienterte om rettane sine og kva sjansar dei har til å få plass ved dei skolar/kurs som er søkt. Dei vil også kunne få endre søknadsprioteringa si til meir relevante kurs-og skoleønskje, dersom dette ikkje går ut over rettane til andre søkjarar.  Hordaland er det einaste fylket i landet som har slik oppfølging av søkjarar utan tilbod.

Kan svare på internett
Svarfrist for 1. inntaksomgang er 22. juli, og alle søkjarane blir oppmoda om å sende svaret sitt på internett.

Opplæringsdirektøren reknar med stor pågang på telefonen til Inntakskontoret dei neste vekene, og oppmodar at spørsmål blir sendt inn på e-post til;  postmottak.inntak@post.hfk.no

Nye inntaksomgangar
Det er framleis to inntaksomgangar att før skolestart.  Resultatet av 2. inntaksomgang blir sendt til søkjarane 3. august, og siste maskinelle inntak er 10. august.

Informasjon
Informasjon om inntaket, og svar på dei spørsmåla som blir mest stilte, finn ein også på www.hordaland.no 

 

Eli Lothe 08.07.2005 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart